Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 4. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Geir Pollestad om fleksibel innføring av ny gjødselforskrift og Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tor André Johnsen, Rune Midtun, Pål Morten Borgli, Morten Kolbjørnsen, Bjørnar Laabak, May Helen Hetland Ervik og Kristoffer Sivertsen om gjødselbrukforskriften (Innst. 427 S (2025–2026), jf. Dokument 8:195 S (2025–2026) og Dokument 8:224 S (2025–2026))
Innlegget
Eg meiner det er to tal som manglar i denne debatten. Det eine er talet 2 291, og det andre er talet 996. Talet 2 291 viser ikkje til fosfornivået i jorda, men til antal dagar FrP sat i regjering med landbruksministeren utan å gjera noko i denne saka. Talet 996 viser til antal dagar KrF sat i regjering med landbruksministeren utan å gjera noko i denne saka. Så eg tenkjer ein kanskje skal gå litt stille i dørene. Det kan vera at FrP har løysinga på dette med overgjødsling. Det er fullt mogleg at FrPs landbrukspolitikk ville ha bidrege til at ein ikkje hadde trunge eit gjødselregelverk – eit parti som kvart einaste år stemmer mot jordbruksavtalen, mot ein auke i jordbrukets inntekter, bruker jordbruket som ein inndekningspost i sine alternative budsjett og bryter ein inngått jordbruksavtale. Ja, det ville gjeve færre bønder, det ville gjeve mindre belastning. Eit parti som FrP som vil kutta i tollvernet – seinast denne våren har dei føreslått det i Stortinget – ville gjeve færre bønder i Noreg, det ville gjeve mindre matproduksjon, og det ville gjeve mindre behov for å ha eit gjødselregelverk. Det same gjeld når FrP tek kampane sine mot samvirka og marknadsreguleringa, som bidreg til at me har eit landbruk i heile landet. Det er klart at hadde me vorte kvitt distriktslandbruket, slik FrPs politikk legg opp til, ja, då ville ein kanskje ikkje hatt behov for eit gjødselregelverk. Når representanten Hetland Ervik snakkar om føreseielegheit for unge bønder, må eg seia eg reagerer sterkt. Det mest uføreseielege kjem FrP til gjera om nokre dagar, når dei skal stemma mot ein jordbruksavtale som er framforhandla – viss dei følgjer praksisen sin, viss ikkje FrP har forstått at verda har vorte ein farlegare plass og at me må ta matproduksjon meir på alvor enn partiet har gjort så langt i si historie. Eg skal sjølvsagt ikkje gjera dette til ein generell landbrukspolitisk debatt, men etter å ha høyrt på innlegget frå FrP, tenkte eg det var greitt å gje eit tilsvar. Usikkerheita i norsk landbruk har aldri vore større enn i dei 2 291 dagane då FrP hadde landbruksministeren, og då dei skapte mykje uro, men ikkje greidde å landa dette. Til slutt vil eg oppfordra fleire parti til å vurdera forslag nr. 3, som eg synest er eit godt forslag. Det er eit nokså ufarleg, men viktige forslag – om det er fleire parti som i voteringa kan støtta det.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat