Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Senterpartiet har vore oppteke av beredskap og matberedskap over tid. Det er òg bakgrunnen for at me har fremja dette forslaget. Eg er svært glad for at me har fleire forslag som får støtte i Stortinget. Eg har lyst til å fortelja ei lita historie om beredskapslagring og matberedskap. I statsbudsjettet for 2014 la dåverande landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum inn pengar til å starta eit beredskapslager av matkorn. Det vart det ingenting av, for det var eit val. Der vann Framstegspartiet. Sylvi Listhaug vart landbruksminister. Beredskapslager av korn ville ho ikkje ha. Det vart fjerna. Me hadde åtte år der Senterpartiet fremja forslag om styrkt matberedskap og etablering av beredskapslager for korn. Det vart nedstemt av Høgre og Framstegspartiet gong på gong. På same måten prøvde me å løfta og få ein totalberedskapskommisjon som skulle gjera at Stortinget fekk ein samla debatt om beredskapen i Noreg. Det vart nedstemt gong på gong. Det måtte eit val til for å få ei endring. No er eg glad for at det iallfall i fleire parti er ei meir positiv haldning til matberedskap. Eg meiner det er viktig at me når me jobbar med desse tinga, må byggja på eit samarbeid med private aktørar, for me må byggja beredskapen vår på dei eksisterande strukturane, forsterka dei, sånn at det fungerer i normale tider, men òg i krise og krig. Me kan ikkje lagra oss til matsikkerheit åleine. Det aller viktigaste vedtaket om matberedskap Stortinget skal gjera denne våren, skal me gjera 18. juni, når me stemmer gjennom årets jordbruksavtale. Det er den løpande produksjonen, at me har eit landbruk i heile landet, at me har bønder som vil produsera mat, som gjer det år inn og år ut, som er vår viktigaste beredskap. Eg er veldig spent på å sjå kva parti som faktisk støttar jordbruksavtalen dette året. La meg avslutta med eit sitat frå ein tidlegare statsminister, Erna Solberg. Ho sa i ein debatt om beredskap den 5. mai 2021: «Vi må kanskje klare oss uten sukkertøy og smågodt i en periode i en krise (…)». Det er eigentleg utruleg godt sagt, for det synleggjer hennar parti sitt syn på beredskap.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
