Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 4. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Pollestad, Siv Sætran og Ole Herman Sveian om styrking av Norges matberedskap (Innst. 392 S (2025–2026), jf. Dokument 8:266 S (2025–2026))
Innlegget
Eg tar eigentleg ordet for å oppklara ei misforståing. Eg toler godt å få kritikk, men ein seier at me er opptekne av merkeordningar. Eg har leita veldig godt i våre forslag og sett om eg ser noko om merkeordningar, men det står ingenting om merkeordningar der. Men me har eit utmerkt forslag som me skal drøfta om ca. 45 minutt. Der står det om merkeordningar, for det handlar på ein måte om eit anna tema. Så ein kort kommentar til det med beredskapslagring av korn. Senterpartiet har vore oppteke av at me skal ha ein desentralisert struktur. Ein skal bruka dei eksisterande strukturane, som ein har i dag, og etter anbod vert dette fordelt ulike plassar. Når det gjeld nord: Det er lite møllekapasitet i nord. Ein et jo ikkje kornet uforedla, så difor etablerte Senterpartiet, då me sat i regjering, eit beredskapslager for bakemjøl i Nord-Noreg. Det har det vore òg tidlegare, men så kom det ein landbruksminister som heitte Sylvi Listhaug. Ho fjerna beredskapslageret for bakemjøl i Nord-Noreg. Så representanten Strifeldt får nok, når han brukar sine lyriske ord om at det meste er nord, spara dei orda til ein har gruppemøte i Framstegspartiet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat