Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 4. jun 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Julie E. Stuestøl, Frøya Skjold Sjursæther og Une Bastholm om strengere straff for dyrekriminalitet (Innst. 378 S (2025–2026), jf. Dokument 8:184 S (2025–2026))

Innlegget

Geir Pollestad (Sp) [15:33:45] (ordførar i saka): Eg har lyst til å starta med å takka forslagsstillarane for å ta opp eit veldig viktig tema. Eg har òg lyst til å takka komiteen for samarbeidet, som enda opp i ei einstemmig innstilling. Forslaget frå MDG tek til orde for å heva strafferamma for alvorleg dyrekriminalitet til seks år og strafferamma for alminneleg dyrekriminalitet til to år, og for å gjera aktlause lovbrot straffverdige. Det er ein samla komité som slår fast at dyr har ein eigenverdi, og at samfunnet har eit ansvar for å beskytta dyr mot liding, mishandling og alvorleg vanskjøtsel. Eg har òg lyst til å peika på at ved behandlinga av Meld. St. 8 (2024–2025) om dyrevelferd var det brei einigheit om dei viktigaste prinsippa for dyrevelferdspolitikken. Det var diskusjon, men det grunnleggjande var det brei einigheit om. Eg har òg lyst til å seia at eg ikkje godtek premissen om at den som er for høge straffer, er mest for dyr. Den strafferettslege diskusjonen kan me godt ta, og eg trur me alle er opptekne av at me skal ha både straffer og oppdagingsrisiko for dei som begår ulovlegheiter, slik at me varetek dyra på ein best mogleg måte. Difor er eg glad for at komiteen har samla seg, og at han skal be regjeringa innan utgangen av juni 2026 om å setja i gang ei utgreiing om ei endra strafferamme for grove brot på dyrevelferdslova og gjera ei breiare, heilskapleg vurdering av straffeføresegnene i dyrevelferdslova. Eg ser i møte ein diskusjon når den utgreiinga er ferdig og regjeringa kjem til Stortinget med ei sak.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat