Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 4. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Pollestad, Trygve Slagsvold Vedum og Siv Sætran om mer norsk mat (Innst. 345 S (2025–2026), jf. Dokument 8:193 S (2025–2026))
Innlegget
Norsk mat handlar om beredskap, og norsk mat handlar om verdiskaping, busetjing og arbeidsplassar. Norsk mat handlar om kulturlandskap, trygg mat, dyrevelferd, matkultur. Difor ønskjer Senterpartiet å satsa på meir norsk mat. Forslaget vårt handlar òg om beredskap. Sidan dette var tema i ein tidlegare debatt i dag, skal eg ta meg bryet med å forklara noko for Høgre og FrP, som eg meiner var dei som tok opp at merkeordninga ikkje hadde noko med beredskap å gjera. Det har det nemleg. Vår evne til å produsera mat i Noreg føreset at det er nokon som kjøper den maten. Så skal me auka sjølvforsyninga av mat i Noreg, er det svært viktig å få opp etterspørselen etter og forbruket av norsk mat. Senterpartiet meiner at det er heilt naturleg at når ein går på restaurant, skal ein få veta kva for eit land kjøtet eller fisken er frå. Me har òg tru på at viss den informasjonen vert gjeven, vil fleire etterspørja norsk mat, for folk ønskjer å støtta opp under den norske maten og norsk sjølvforsyning. Dette er samanhengen med at merkeordningar òg er beredskap. Noreg kan tidobla potetproduksjonen viss me ønskjer det, men viss det er ingen som kjøper dei potetene, har det lite effekt og er veldig dårleg økonomi for bonden. Kan me derimot få folk til å byta ut eit rismåltid med poteter i ny og ne, ja då vil den norske sjølvforsyninga gå opp. Ein kort kommentar til innlegget frå Høgre: Det er greitt at Høgre ikkje støttar forslaga; me får fleirtal for tre viktige forslag utan Høgre i dag. Men når Senterpartiet legg fram forslag, er det òg fordi me ønskjer at dei skal verta diskuterte på Stortinget, og at me skal få innspel frå landbruksministeren, og at me skal ha ein prosess mellom partia. Innstillinga inneheld tre av desse forslaga, som eg meiner er viktige forslag, og som vil ta arbeidet for norsk mat og norsk matberedskap vidare. Eg har lyst til å takka dei partia som tek maten på alvor og støttar tre forslag i dag, og som då sørgjer for at dei får fleirtal.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat