Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Havbruksnæringa er eit gode for Noreg. Ho skapar inntekter, aktivitet og arbeidsplassar langs kysten vår. Det er ei kompetansenæring, og det er ei næring som gjev betydelege skatteinntekter til landet vårt. Historia om grunnrenteskatt på oppdrett starta 7. september 2018, då finansminister Siv Jensen frå Framstegspartiet og statsminister Erna Solberg sette ned ei offentleg utgreiing for å greia ut grunnrenteskatten. Me hadde ein diskusjon om grunnrenteskatt eller ei fast avgift uavhengig av inntekt var det beste. Høgresida stod på det siste, at dei ønskte ei fast, inntektsuavhengig skattlegging. Senterpartiet meinte ein grunnrenteskatt tilpassa inntektsnivå var det mest hensiktsmessige. Grunnrenteskatten er ein av fleire måtar å henta inn grunnrente frå oppdrett på, og det er ein av fleire måtar me gjer det på. Me har grunnrenteskatten, men me har òg ei produksjonsavgift, og me har auksjonar for nye konsesjonar. Alt det bidreg til at fellesskapet får ein del av grunnrenta. For Senterpartiet er det òg viktig at ein del av inntektene fell til lokalsamfunna der aktiviteten skjer. Det me gjer i denne saka, er ikkje eit skattelettevedtak, det er eit vedtak for å gjera grunnrenteskatten betre og auka legitimiteten rundt skatten. Etter at grunnrenteskatten – med mykje støy – vart innført, fekk me veldig mange tilbakemeldingar i Senterpartiet frå lokalsamfunn og bedrifter langs heile kysten: Dette er mykje byråkrati. Me hadde diskusjon i Senterpartiet, og på vårt landsmøte våren 2025 gjekk vårt parti i partiprogrammet inn for at me ønskjer å fjerna normprisrådet. Det følgjer me opp i Stortinget no. Dette har eit ord. Det kallast demokrati. Det vart òg peika på at normprisrådet bidreg til den uheldige strukturendringa og oppkjøpsbølgja ein ser i oppdrettsindustrien. Det stemmer nok, men eg vil åtvara mot å tru at det er den einaste årsaka. Me må sjå på heile reguleringssystemet og alle rammevilkåra rundt næringa. Bidreg dei til å styrkja små og lokale aktørar? Senterpartiet er iallfall oppteke av at politikken skal leggjast i den retninga.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
