Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 4. jun 2026

SakInnstilling fra finanskomiteen om Statens pensjonsfond 2026 (Innst. 418 S (2025–2026), jf. Meld. St. 7 (2025–2026))
Innlegget
Senterpartiet er fornøgd med at det er brei politisk einigheit om hovudlinjene for Statens pensjonsfond, når det gjeld både bruk av midlar, prinsippa for investeringar og ikkje minst at fondet ikkje er eit næringspolitisk eller utanrikspolitisk reiskap. Det har vore halde fleire gode innlegg i debatten. Eg viser òg til dei merknadene i innstillinga som Senterpartiet er med på. Når ein diskuterer Statens pensjonsfond, er det ofte meir støy og fleire forslag enn det er stemmer for forslaga som vil endra fondet. Det skjer ein kunnskapsbasert og gradvis utvikling av fondet. Det er ei utvikling som Senterpartiet støttar. Stortingsmeldinga omtalar òg Statens pensjonsfond Noreg. Det er sånn at folketrygdfondet forvaltar òg Statens fond i Tromsø. Eg er glad eg hadde lupe då eg skulle finna omtalen av Statens fond i Tromsø. Det var ein stor seier for Senterpartiet då me sat i regjering og fekk etablert dette fondet med ein eigenkapital på 15 mrd. kr, som no er investert. Det kan mest verka som regjeringa og Arbeidarpartiet er litt flau over dette fondet som vi har i Tromsø. Men det er det ingen grunn til. Tvert imot bør ein vera stolt av det, og ein bør raskast mogleg følgja opp forslaget om å auka fondskapitalen frå 15 mrd. kr til 30 mrd. kr. Det har bidrege til å styrkja det finansielle miljøet i Tromsø, og det er ein del av Senterpartiet sin plan og ønskje om å utvikla heile Noreg. Senterpartiet fremjar difor forslag om at fondskapitalen skal aukast frå 15 mrd. kr til 30 mrd. kr seinast 1. januar 2027. Me har òg i saka eit forslag om at eigenkapitalbevis kan fasast inn i referanseindeksen til Statens pensjonsfond Noreg frå 1. januar 2027. Med det tek eg opp Senterpartiets forslag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat