Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 4. jun 2026

Harry Valderhaug
Harry Valderhaug
Kristelig Folkeparti·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Geir Pollestad om fleksibel innføring av ny gjødselforskrift og Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tor André Johnsen, Rune Midtun, Pål Morten Borgli, Morten Kolbjørnsen, Bjørnar Laabak, May Helen Hetland Ervik og Kristoffer Sivertsen om gjødselbrukforskriften (Innst. 427 S (2025–2026), jf. Dokument 8:195 S (2025–2026) og Dokument 8:224 S (2025–2026))

Innlegget

Alle er einige om målet: mindre avrenning, betre vassmiljø og meir mat frå norske ressursar. Kristeleg Folkeparti er einig i det. Men politikk handlar ikkje alltid berre om mål, det handlar òg om å få det til å fungere – for bonden, i dette tilfellet, som skal leve med dette. Her er problemet: Tidslinja går ikkje opp. Landbruksdirektoratet har sjølv signalisert at den faglege modellen for balansegjødsling tidlegast vil liggje føre hausten 2026. Dei nedjusterte fosforgrensene trer i kraft 1. januar 2027. Det er ikkje om eitt år; det er om nokre knappe månader, og gjødsel til vekstsesongen 2027 vert kjøpt inn no, i sommar eller i haust. Landbruket planlegg ikkje frå januar til desember; dei planlegg i syklusar. Det ein gjer i år, påverkar avlinga neste år, som igjen påverkar fôret året etter. Regelverket må vere kjent og klart i tide, ikkje verte utrulla mens bonden allereie har teke sine avgjerder. Eg høyrer no tydelege åtvaringar frå grasrota, bønder i distriktet seier det rett ut: Dette kan føre til mindre produksjon og meir sentralisering, ikkje fordi bøndene er imot miljøtiltaka, men fordi kravet ikkje let seg gjennomføre i praksis, med den jorda, den sesongen og dei rammene dei faktisk har til rådigheit. Det må vi ta på alvor. KrF fremjar difor forslag om at regjeringa skal vurdere å utsetje iverksetjing av dei nedjusterte fosforgrensene med inntil to år, og at ein praktisk og kvalitetssikra modell for fosforbalanse skal liggje føre seinast eitt år før dei nye grensene trer i kraft. Det er ikkje ein omkamp om miljømåla, det er å ta gjennomføringa på alvor og å gjere ho realistisk. Samtidig meiner vi at forslaget frå fleirtalet om ei utsetjing på eitt år er betre enn ingenting. Difor støttar vi det subsidiært. Det løyser ikkje hovudproblemet. Dersom systemet er klart først i 2020, er ein framleis på etterskot når det gjeld produksjonsløpet i landbruket. Difor er to år eit betre og meir realistisk alternativ. Vår linje er enkel: Miljømåla ligg fast, men verktøyet må vere klart før krava trer i kraft. Det er ei minimumsforventning til eit kvart regelverk. Eg vil til slutt ta opp forslag nr. 6, som handlar om å få meir tid.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat