Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 4. jun 2026

Harry Valderhaug
Harry Valderhaug
Kristelig Folkeparti·Møre og Romsdal

SakMøte torsdag den 4. juni 2026 kl. 10

Innlegget

Alle er einige om målet: Noreg skal ha trygg tilgang på mat, også i krise og krig. Problemet er at vi ikkje er rigga for det. Vi har vorte meir avhengige av import, forsyningskjedene er meir sentraliserte, og vi veit frå pandemi, krig og klimahendingar at desse systema er sårbare. Dette handlar om grunnleggjande tryggleik for folk. Matberedskap handlar om heile kjeda, frå jord til bord. Det held ikkje med ambisjonar om produksjon og sjølvforsyning viss vi ikkje har tilgang på såkorn. Det held ikkje med mat i butikk viss transportlinjene bryt saman. Når lagring og distribusjonen i stor grad er sentraliserte, aukar sårbarheita. Difor treng vi meir desentralisert lagring på gardar i regionar og i heile landet. Vi skal lære av Finland her også. Dei er blant dei beste i verda på beredskap. Dei har vist at desentraliserte løysingar gjev robustheit. Difor er det rett at Stortinget ber regjeringa kome tilbake med forslag inspirert av den finske modellen. Det vil styrkje beredskapen her igjen. Vi treng også betre kontroll på dei mest kritiske innsatsfaktorane. I dag er beredskapen for såkorn og såfrø i stor grad overlaten til marknaden. Det gjer oss sårbare. Utan såkorn stoppar produksjonen. Så enkelt er det. Difor er det rett å etablere eit meir forpliktande nasjonalt system. Vi treng betre kunnskap. Riksrevisjonen og totalberedskapskommisjonen har vore tydelege på at vi manglar ein heilskapleg analyse av sårbarheita i matsystemet. Skal vi prioritere rett, må vi vete kvar det sviktar. KrF støttar fleirtalet i denne saka. Det er ikkje heile løysinga på matberedskap, men det er viktige og nødvendige steg. Beredskap byggjer vi ikkje i krise. Vi byggjer det når vi har ro og fred.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat