Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 4. jun 2026

Harry Valderhaug
Harry Valderhaug
Kristelig Folkeparti·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Pollestad, Trygve Slagsvold Vedum og Siv Sætran om mer norsk mat (Innst. 345 S (2025–2026), jf. Dokument 8:193 S (2025–2026))

Innlegget

Stortinget vedtok i februar endringar i anskaffingslova som vil gjere det enklare å kjøpe norsk mat i offentleg sektor. Beredskap er no vorte eit eksplisitt omsyn i lova. Innslagspunktet er heva, og moglegheitene for direkte anskaffingar er utvida. Dette er gode grep. Men lova trer ikkje i kraft før 1. juli i år, og vi veit allereie at det store problemet ikkje er at handlingsrommet har vore for lite. Det er at innkjøparane ikkje har brukt det handlingsrommet dei hadde. Det er den utfordringa regjeringa no må ta tak i. Forsvaret er kanskje det tydelegaste dømet. Forsvaret er ein av dei aller største matinnkjøparane i staten, men dei veit ikkje kor stor del som er norskprodusert mat – altså kva som er statusen i dag. Forsvarsministeren har bedt om å få det kartlagt. Det er bra, men det seier noko om at dette ikkje har vore eit prioritert spørsmål. KrF meiner at eit mål om 80 pst. norskprodusert mat i Forsvaret er rett. Forskjellig etterspurnad er det som faktisk utløyser investeringar i produksjonskapasitet, ikkje intensjonar. Det same gjeld merking i serveringsbransjen. Finland og Sverige har allereie innført krav om opphavsmerking av kjøt på restaurantar. Vi stiller krav i daglegvarebutikken, men ikkje når den same maten vert servert på ein serveringsstad. Det er ei inkonsekvent haldning det ikkje er særleg gode grunnar til å halde seg med. KrF er glad for at fleirtalet no ber regjeringa starte arbeidet med å innføre slike reglar. Dette er ikkje dramatiske tiltak, men dei er konkrete og moglege å gjennomføre, og dei har reell effekt, både for bøndene, som treng forskjellige marknader, og for forbrukarane, som har krav på å få vite kva dei et.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Harry Valderhaug (Kristelig Folkeparti) — Innlegg · 4. jun 2026 — OverStortinget