Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 4. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Geir Pollestad om fleksibel innføring av ny gjødselforskrift og Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tor André Johnsen, Rune Midtun, Pål Morten Borgli, Morten Kolbjørnsen, Bjørnar Laabak, May Helen Hetland Ervik og Kristoffer Sivertsen om gjødselbrukforskriften (Innst. 427 S (2025–2026), jf. Dokument 8:195 S (2025–2026) og Dokument 8:224 S (2025–2026))
Innlegget
SV støttar at det er innført strengare reglar for gjødselbruk for å redusera avrenning og betra vassmiljøet. Dei problema som dette gjødselregelverket forsøkjer å løysa, er etter SV si meining skapt av jordbrukspolitikken til stortingsfleirtalet gjennom mange år, som legg til grunn strenge effektivitetskrav, og som premierer volumproduksjon. Eitt resultat av denne jordbrukspolitikken er at mange gardsbruk er lausrivne frå sitt eige ressursgrunnlag, og bruk av tilført kraftfôr gjev moglegheit til å halda fleire dyr enn dei lokale ressursane skulla tilseia. Og dette fører til at næringsstoff hopar seg opp i område med mykje husdyrhald. Det kan gjeva utslag på avrenning av fosfor til vassmiljøet. Det nye problemet som oppstår med gjødselregelverket, oppstår fordi desse ytterlegare innstrammingane som er planlagde, ifølgje planen skal tre i kraft før nødvendig infrastruktur, teknologi og finansiering er på plass. Dette skaper store utfordringar for mange bønder, særleg i de husdyrtette områda. Mange gardar har ikkje tilstrekkeleg lagringskapasitet eller nok spreieareal. Ein del er ikkje i stand til å møta dei nye krava utan store investeringar i biogassanlegg, separeringsteknologi eller organiserte transportløysingar. I ein pressa bondeøkonomi kan dette føra til at endå fleire bønder avsluttar drifta fordi dei ikkje har råd til å gjera dei nødvendige investeringane. SV meiner at nye krav til jordbruket for å betra anten dyrevelferda eller miljøet må følgjast opp med finansiering, teknologi og infrastruktur som gjer omstillingar moglege. Kostnadene med dei skjerpa krava kan ikkje veltast over på den enkelte bonden, og særleg ikkje i ei tid då inntektene til mange bønder ligg langt unna det mange andre grupper tener. Betre miljø og auka sjølvforsyning må ikkje bli motsetningar, og det er fellesskapet som har ansvar for å sørgja for at desse to omsyna lèt seg kombinera. Difor fremjar SVs forslag om å gjera bøndene i stand til å innfri dei skjerpa krava til fosforgrenser i gjødselbrukforskrifta utan at det går utover matproduksjon og sjølvforsyning i Noreg, gjennom investeringsstøtte og andre verkemiddel. Og desse ordningane må kome på plass raskt, sånn at det ikkje blir noka vesentleg utsetjing av dei skjerpa krava. Eg tek opp forslaga som SV er ein del av. I tillegg vil eg varsla at SV vil støtta forslag 1 frå FrP, og subsidiært vil me stemma for tilråding 1.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat