Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 4. jun 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte torsdag den 4. juni 2026 kl. 10

Innlegget

Nok mat og næringsrik mat til alle er samfunnets viktigaste oppgåve. Den oppgåva må me òg vera i stand til å gjennomføra i krisesituasjonar og når tilførsel av mat og andre varer stoppar opp. Denne saka handlar særleg om behovet for beredskapslagring av mat, av innsatsfaktorar til matproduksjon og av matkorn og såkorn. SV er med på alle forslaga som handlar om det, for me treng større lagringskapasitet, som varar over lengre tid, og me treng meir desentraliserte lager, sånn at forsyningane faktisk når fram der folk er. Det er openberre sårbarheiter i matberedskapen i dag. Me har dessverre i lang tid basert oss på eit matsystem basert på prinsippet «Just-in-time», med lange forsyningskjeder og import over store avstandar. Det fungerer dårleg i dag, og det fungerer definitivt ikkje når f.eks. ting stoppar seg til i Hormuzsundet eller andre plassar. Me treng rett og slett å snu tankegangen og systema før det er for seint. Til hjelp i det arbeidet trengst det heilskaplege analysar av ulike scenario som kan oppstå, og sårbarheiter for matsystemet vårt, som òg Riksrevisjonen og totalberedskapskommisjonen har etterlyst. Eg høyrer at Arbeidarpartiet er oppteke av heilskaplege vurderingar. Då oppmodar eg Arbeidarpartiet til å vera med og støtta forslaget til SV om ein heilskapleg analyse av desse sårbarheitene i matsystemet vårt. Samtidig er det sånn at den beste matberedskapen er meir matproduksjon på lokale norske ressursar. Me har ingen fleire bønder å mista. Tvert imot treng me fleire bønder. Difor fremjar SV òg forslag om beredskapsbruk, i fyrste omgang som eit pilotprosjekt i eit nordnorsk fylke. Det handlar om å gjenoppta bruk av jord og beiteareal som har gått ut av drift, og å restaurera driftsbygningar, sånn at me kan oppnå målet om fleire bønder med kunnskap, meir jord i drift med god jordhelse, og korte forsyningslinjer over heile landet. Då tek eg opp forslaga SV er ein del av.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat