Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 4. jun 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Pollestad, Trygve Slagsvold Vedum og Siv Sætran om mer norsk mat (Innst. 345 S (2025–2026), jf. Dokument 8:193 S (2025–2026))

Innlegget

Me har mykje god norsk mat, og me både kan og bør eta meir av denne stort sett utmerka maten. Dette er altså ei sak om eting – det passar vel bra no, rundt middagstider – og meir eting kan føra til meir produksjon. Sånn eg ser det, er det ingen gode grunnar til å erstatta eigenprodusert mat med importert mat, særleg ikkje når norskprodusert mat gjennomgåande har god kvalitet. Det handlar for det fyrste om å styrkja vår eigen matberedskap. For det andre handlar det om å gje lokale matprodusentar stabile og gode rammevilkår, og dermed òg å leggja til rette for positive ringverknader i lokalsamfunna våre. Det handlar òg om internasjonal solidaritet, for mat – særleg den næringsrike maten – er i aukande grad eit globalt knappleiksgode. Då er det usolidarisk, etter mi meining, å eta opp maten til folk i fattigare land, som dei kunne ha ete, berre fordi me har høgare kjøpekraft. For å nå målet om å eta meir norsk mat, og då fortrinnsvis mat som er produsert på norske, lokale ressursar, må me ha ein politikk som legg til rette for det. Og i motsetnad til førre talar, frå Høgre, har SV tru på demokratisk styring, og me trur ikkje at marknaden vil løysa dette aleine. Eit eksempel på sånn politikk er å bruka offentlege innkjøp betre, bl.a. ved å bruka handlingsrommet i anskaffingslova betre. Det er òg å sørgja for at Forsvaret kjøper inn meir lokal mat, og det er å ha betre merkeordningar, sånn at folk veit at det er norsk mat, produsert på norske innsatsfaktorar. SV er oppteken av det siste poenget, nemleg at maten ikkje berre skal vera produsert i Noreg, men at han òg er produsert på norske og helst lokale ressursar. Det er på den måten me òg vil bidra til å nå målet om 50 pst. sjølvforsyning. SV er med på og støttar alle forslaga i innstillinga, og eg tar med dette opp alle mindretalsforslaga i saka.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat