Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Oppdrettsnæringa bidreg til arbeidsplassar og verdiskaping i både by og bygd, men det er heller ikkje tvil om at dette er ei næring som over tid har gått veldig godt. Berre denne månaden kunne me lesa at oppdrettsselskapet Mowi i fyrste kvartal har eit driftsresultat på 2,5 mrd. kr og rekordhøge 17,6 mrd. kr i inntekt. Oppdrettsnæringa haustar av våre felles naturressursar i sjøen. Næringa har òg påført fjordane våre store miljøutfordringar, både forureining, lakselus og ikkje minst påverkinga på villaksen. Ein grunnrenteskatt på havbruk er difor både ein rettferdig og rett skatt å betala for at ein får bruka naturressursane til fellesskapet, og ein sikrar at fellesskapet får ta del i verdiskapinga. Dette føreset at skattesystemet fungerer etter hensikta, og at inntektene frå grunnrenteskatten ikkje blir lågare enn dei reelt sett skulle vera. Då grunnrenteskatten på havbruk blei innført i 2023, blei det skissert ein superprofitt i laksenæringa på opp mot 20 mrd. kr. Skatten skulle henta inn om lag 5–6 mrd. kr til fellesskapet. Foreløpig er inntektene under milliarden, og det viser at det har vore ei betydeleg tilpassing i næringa, og at det framleis er store verdiar som ikkje blir fanga opp i dagens skattegrunnlag. SV er einig med dei som har kritisert utforminga av skatten. Den utforminga har ført til at selskapa tilpassar seg for å bidra minst mogleg til fellesskapet. Vår inngang er difor at botnfrådraget må fjernast, og at normprisrådet bør styrkjast og vidareutviklast. Det er ikkje det denne saka handlar om. Denne saka handlar om det motsette, nemleg korleis ein kan få hola ut skatten så mykje som mogleg gjennom å fjerna normprisrådet. Normprisråd er ikkje noko me berre har i havbruk, normprisar er hovudregelen i alle grunnrenteskattane for å førebyggja uriktig internprising og skattetilpassing. Då lakseskatten kom, blei han møtt med dommedagsprofetiar om kor øydeleggjande ein sånn grunnrenteskatt ville vera. Sidan då har inntektene til næringa slått alle rekordar. Det har jammen meg òg næringa sitt aktive lobbyarbeid for å få fjerna denne skatten. Dessverre ser dei ut som dei eit stykke på veg lykkast med det med vedtaket i denne saka.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
