Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 4. jun 2026

Joakim Myklebost Tangen
Joakim Myklebost Tangen
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ine Eriksen Søreide, Monica Molvær, Ola Svenneby, Amalie Gunnufsen, Mathias Willassen Hanssen og Mathilde Tybring-Gjedde om å løse realfagskrisen (Innst. 354 S (2025–2026), jf. Dokument 8:239 S (2025–2026))

Innlegget

Det er nok allment kjent at Noreg kjem til å trenge endå fleire arbeidsfolk i åra framover. Vi treng fleire fagarbeidarar, vi treng fleire sjukepleiarar, vi treng fleire lærarar, fleire ingeniørar, fleire teknologar og endå fleire som kan vere med på å skape, utvikle og finne løysingar for eit samfunn i endring. Difor er det viktig at vi startar tidleg med å gi elevane motivasjon, meistring og tru på sine eigne evner. Framstegspartiet meiner at det er positivt at endå fleire elevar får møte realfag og entreprenørskap på ein meir praktisk og engasjerande måte. Tilbod som Newton-rom og Ungt Entreprenørskap er gode eksempel på dette, og dei representerer to viktige sider av den same saka: læring som blir konkret og relevant, og ikkje minst sett ut i livet. I Newton-rom får elevane utforske realfag gjennom praktiske forsøk og oppgåver som gjer teori forståeleg, og ikkje minst spennande. Gjennom tilbod frå Ungt Entreprenørskap får dei bruke kunnskapen sin til å skape noko sjølv, utvikle idear, samarbeide, løyse problem og oppleve korleis læring kan bli til verdiskaping. Felles for begge to er at elevane får prøve, feile og meistre, og det er nettopp slike opplevingar som er med på å vekkje interesse som varer over tid. Samtidig: Skal slike tilbod ha effekt, må dei vere tilgjengelege for endå fleire enn i dag. I dag er realiteten at mange skular, særleg ute i distrikta, har avgrensa tilgang på Newton-rom. Lange reiseavstandar og logistikk gjer at ikkje alle elevar har den same moglegheita til å delta. Difor er det viktig å sjå på korleis Newton-konseptet kan styrkjast og gjerast meir tilgjengeleg for endå fleire kommunar. Dette handlar om at vi må sikre like gode moglegheiter for læring, uavhengig av kor ein bur, og difor er det òg naturleg å sjå på korleis små skular kan få stabile rammer, og korleis digitale løysingar kan gje elevane tilgang til undervisning og fagkompetanse som er kostbart og vanskeleg å tilby overalt i dag. Og berre for å understreke det: Nettundervisning skal absolutt ikkje erstatte læraren i klasserommet, men det kan vere eit verktøy og eit supplement som gjer at fleire elevar faktisk får eit tilbod som dei ikkje har i dag. Skal vi løyse realfagskrisa, må vi gjere meir enn berre å diskutere enkeltordningar. Vi må tenkje heilskapleg. Vi må gi fleire elevar moglegheita til å oppleve meistring, nysgjerrigheit og læringsglede, og vi må erkjenne at framtidas arbeidskraft ikkje kjem av seg sjølv. Ho kjem frå elevar som får sjansen til å prøve, utforske og lykkast.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat