Innlegg · 4. jun 2026

Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Høyre·Hordaland

SakMøte torsdag den 4. juni 2026 kl. 10

Innlegget

Havbruksnæringa er ei av Noregs viktigaste eksportnæringar. Ho skapar arbeidsplassar langs heile kysten og gjev betydeleg verdiskaping for Noreg. Difor er det avgjerande at me har skattereglar som er rettferdige, som er føreseielege, og som faktisk fungerer slik det var tenkt. Erfaringane med normprisrådet viser at ordninga ikkje fungerer. Det har ikkje gjort skattesystemet betre. Det har skapt meir rapportering, meir uvisse og meir avstand mellom dei som lagar systemet, og dei som må leva med det. Det har skapt betydeleg byråkrati, det har auka rapporteringsbyrda, og ikkje minst har det skapt usikkerheit for næringa. Det normprisrådet i praksis gjer, er å ta utgangspunkt i ein standardlaks – men marknaden er nok meir samansett enn som så. Det finst spesialprodukt, kvalitetsprodukt, ulike kontraktar, ulike kundar og ulike marknader. Difor fangar ikkje normprisen opp den verkelege verdien. Særleg små og mellomstore aktørar, som ikkje har dei same administrative ressursane som dei største selskapa, har opplevd at dette er ganske så krevjande. For Høgre er det eit viktig prinsipp at skatten skal baserast på faktiske marknadsprisar. Det er det som ligg til grunn i skattesystemet elles, og det bør òg gjelda havbruket. Skattlegging må byggja på eit system som er forståeleg, føreseieleg og mogleg å praktisera utan unødig byråkrati og skatterisiko. Me registrerer at det no vert sagt at det er oppdrettarane som definerer sin eigen skatt. Slik er det sjølvsagt ikkje. Det finst allereie system for å kontrollera prisar og transaksjonar mellom nærståande selskap. Me treng ikkje eit eige prisråd som byggjer opp eit parallelt byråkrati for ei næring. Havbruk krev lange planar. Det tek fleire år frå rogn til ferdig slakta fisk. Då treng ein føreseielegheit og stabile rammer. Prisrådet har skapt uvisse om kva pris som skal leggjast til grunn, og dermed òg uvisse om endeleg skatt. Det gjer det vanskelegare å planleggja, investera og inngå langsiktige avtalar. Å påføra næringa ei slik ekstra byrde er lite klokt. Me ønskjer oss alle mindre byråkrati her i landet, både i det offentlege og i det private. Det gjer at me kan bruka fleire kroner på velferd til dei som treng det, eller me kan utvikla denne viktige næringa vår. Det me gjer her i dag, vert ein vinn-vinn-situasjon – mindre byråkrati for næringsliv og mindre offentleg dobbelkøyring. Det er eit klokt tiltak frå Stortingets side.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Liv Kari Eskeland (Høyre) — Innlegg · 4. jun 2026 — OverStortinget