Innlegget
Me er einige om at me ikkje snakkar om å fjerna grunnrenteskatten – han er me einige om. Dette er heller ikkje eit skattelettetiltak. Når me no ber om å få fjerna normprisrådet, er det òg i tråd med det dei små og mellomstore oppdrettarane melder om. Difor vert det litt underleg når statsråden no står på talarstolen og seier at det er dei som vert skadelidande. Spørsmålet er: Har statsråden snakka med dei små og mellomstore bedriftene, som nettopp rapporterer om at dette vert eit problem for dei?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
