Innlegget
Det var eigentleg ikkje det som var spørsmålet. Det er jo dei små som seier at dette vert ein auka rapporteringsbyrde og eit auka byråkrati, som dei svært gjerne skulle vore forutan, for dei ønskjer å vera framme på merdkanten og produsera fisk og redusera miljøpåverknaden på fjordane våre. Spørsmål nummer to kan gå på om ikkje finansministeren har tillit til skatteetaten vår, at dei kan utføra dette arbeidet like godt, for me brukar jo ganske mykje pengar på dette normprisrådet, der ein no i revidert ser ut til å ønskja å utvida kostnadene.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
