Innlegg · 4. jun 2026

Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Høyre·Hordaland

SakMøte torsdag den 4. juni 2026 kl. 10

Innlegget

Eg må seia eg er litt lei meg for at skattedebatten om havbruk har vorte altfor polarisert. Det er ikkje sunt at ei heil næring langs kysten vert omtala som om dei i utgangspunktet prøver å unngå skattefellesskapet. Havbruksselskapa skal betala skatt. Det er me einige i, men ein må møta næringa med den same grunnleggjande tilliten som andre norske næringar. Det bør ikkje vera slik at kystbasert privat eigarskap vert møtt med meir mistanke enn andre næringar. På Vestlandet er eksistensen til havbruksnæringa, slik me kjenner ho, under press. Det handlar om at dei har eit stort press på seg for å få ned dei miljøbelastningane næringa har. Det krev at det vert jobba kvar einaste dag med påverking frå lus, med feces, med utslepp – i det heile. Det er usikre reguleringar, det er skattetrykk, det er svakare foredlingsvilkår, det er meir byråkrati, og det er vanskelegare å byggja på dei verdikjedene me har. Denne næringa ønskjer å gjera det beste for fisken og for produksjonen. Det dei ber om, er å ikkje verta trykte ned av eit byråkrati som det dei opplever at Prisrådet er. Difor står me fast ved at det som skjer her i dag, ei nedlegging av Prisrådet, er ei klok avgjerd av Stortinget. Me skal sørgja for at næringa betalar skatt i samsvar med det som vert marknadsverdien på laks.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat