Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 4. jun 2026

Stig Even Lillestøl
Stig Even Lillestøl
Fremskrittspartiet·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Geir Pollestad om fleksibel innføring av ny gjødselforskrift og Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tor André Johnsen, Rune Midtun, Pål Morten Borgli, Morten Kolbjørnsen, Bjørnar Laabak, May Helen Hetland Ervik og Kristoffer Sivertsen om gjødselbrukforskriften (Innst. 427 S (2025–2026), jf. Dokument 8:195 S (2025–2026) og Dokument 8:224 S (2025–2026))

Innlegget

Det store fleirtalet av parti i Noreg ønskjer auka matproduksjon i Noreg og auka sjølvforsyning. Det er bra, og det meiner sjølvsagt Framstegspartiet også, sjølv om vi har andre verkemiddel for å nå måla enn dei fleste andre parti. Løysinga er ikkje berre å dele ut meir pengar og påføre bøndene fleire og fleire ukritiske klimatiltak. Løysinga er deregulering, liberalisering og å fokusere på auka matproduksjon, ikkje dure på med ukritiske klimakrav som bidreg til både mindre og dyrare mat. Det er nettopp det som er poenget og problemet med den nye gjødselbrukforskrifta. Den vil føre til dyrare mat og mindre matproduksjon i Noreg. Klimakrav kan ikkje og skal ikkje stå i vegen for verken matsikkerheit eller matberedskap. Saka om gjødselbrukforskrifta er diverre eit godt eksempel på korleis festtalane om auka norsk matproduksjon frå både regjeringa og andre parti på venstresida ikkje harmonerer med politikken dei fører i praksis. Eg har ikkje møtt nokon bønder som er positive til den nye forskrifta. Tilbakemeldinga vi får frå næringa, er at krava til redusert gjødsling fører til mindre og dårlegare avlingar. Fleire bønder seier dei ved full effekt av den nye forskrifta vil bli tvinga til å halvere produksjonen eller kutte drastisk. For økologiske bønder er situasjonen endå verre. Dei har gjerne ikkje noko alternativ til gjødsel enn naturleg møkk, og fleire økologiske bønder vi har snakka med, vurderer til og med å gje seg dersom dagens forskrift ikkje endrast. Same korleis ein vrir og vender på det, vil den nye forskrifta føre til dyrare mat eller redusert matproduksjon. FrP er tydeleg på at det blir feil, og at det einaste riktige er ikkje å innføre den nye gjødselbrukforskrifta.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat