Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 4. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Une Bastholm, Frøya Skjold Sjursæther, Margit Bye og Marius Langballe Dalin om å ta vare på gjenværende naturskog og styrke miljøhensyn i skogbruket (Innst. 411 S (2025–2026), jf. Dokument 8:262 S (2025–2026))
Innlegget
Til tross for mange negative konsekvensar er det dessverre brei politisk einigheit om at fossile ressursar skal fasast ut. Heldigvis er skogressursane i Noreg utpeikte som ein berebjelke i omstillingsprosessen. Likevel kjenner kanskje ikkje alle den reelle CO2-politiske effekten av skogbruket. Noregs samla hogstvolum i 2025 kunne nemleg fylle ein 15-felts motorveg tettpakka med tømmerbilar frå Larvik til Trondheim. Kvar tømmerbil er lasta med 40 tonn bunden CO2, og ein kø av alle desse tømmerbilane svarar til 15 millionar tonn bunden CO2. Prestisjeprosjektet Langskip, som skal fange og lagre CO2, har til samanlikning eit mål om karbonbinding som i første fase utgjer rundt 10 pst. av lasten på tømmerbilane, på sikt kanskje 30 pst. Det er difor ein kuriositet at MDG, som er så enormt opptekne av CO2-utslepp, av alle ting ikkje ser den lagra solenergien i tømmeret som meir verdifull, spesielt når areala der vi høgg skog, vil få ny skog som veks seg fram på same plass. Ein stor del av tømmerproduksjonen i Noreg blir til treverk til bygg som bind karbon i heile levetida til bygget. Noko av tømmeret blir til kortvarige produkt som tørkepapir, posar og liknande, men alle produkt har til felles at dei erstattar alternativ med høgare CO2-utslepp. Som om det ikkje var nok, vil treprodukta bli resirkulerte etter konsum og blir til sjuande og sist nytta til varme i varmeanlegg. For tredje gong gjev altså det same treet ein stor CO2-politisk effekt ved å erstatte eksempelvis importert kolkraft til oppvarming. Eg merker meg at nemninga naturskog gjev assosiasjonar til urskog og uberørte økosystem, men i realiteten dreier det seg om ein stor andel areal som i generasjonar har vore ein del av norsk skogbruk. Denne «naturskogen» har berre ikkje vore hogd sidan andre verdskrigen. Skog er ikkje som ein kornåker ein haustar frå kvart år. Skog blir hogd omtrent ein gang kvart hundreår for å forsyne industrien med viktig fornybart råstoff. Sjølvmotseiinga frå MDG om at produksjonsskogen plutseleg og på magisk vis får status som fantastisk naturskog så snart han er moden for hogst, er skogfagleg interessant. Aktiv skjøtsel er nødvendig for å sikre robuste og tilpassingsdyktige skogar og kan forhindre skadar frå storm, tørke og insektangrep. I fleire tiår har vi bygd opp ein effektiv modell basert på samspel mellom lovverk, sertifisering og frivillig vern. Det har gjeve gode miljøresultat, høg legitimitet og lite konflikt. Konsekvensane av MDGs politikk vil her vere mindre karbonopptak, mindre tilgang på berekraftige råvarer og auka import. Dette er miljøpolitikk i grøn innpakning med kolsvarte konsekvensar.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat