Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 4. jun 2026

Stig Even Lillestøl
Stig Even Lillestøl
Fremskrittspartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 4. juni 2026 kl. 10

Innlegget

Forslaget vi no behandlar om styrking av norsk matberedskap, er eit viktig forslag med gode intensjonar. FrP er også bekymra for norsk matberedskap, men vi meiner forslaget frå Senterpartiet ikkje treff dei viktigaste utfordringane eller har dei beste verkemidla. Kvoter og merkeordningar er ikkje godt nok svar på reelt sårbare forsyningskjedene. Det er viktig å styrkje den nasjonale evna til beredskapslagring innanfor alle relevante område i krise og krig. Forslaget peikar på viktige område der ein må styrkje den nasjonale beredskapen, men matberedskap handlar om veldig mange fleire element enn det forslaget tek opp. Det har f.eks. gått meir enn fire år sidan fullskalainvasjonen av Ukraina, og langt meir av det nasjonale beredskapsbehovet burde vore innfridd. Alle aktørane i heile verdikjeda frå jord til bord har ei samfunnskritisk rolle i krise og krig. Regjeringa har ansvar for å sørgje for at alle ledd i kjeda blir ivareteken. Tidlegare blei personell med nøkkelfunksjonar i verdikjeda fritekne frå militærteneste og mobiliserte i nøkkelrollene. I dag risikerer ein at same person kan ha fleire viktige funksjonar dersom det blir krig. Matberedskap handlar også om heile verdikjeda – frå råvaretilgang og foredling til lagring, transport og distribusjon. Eitt sårbart ledd kan få konsekvensar for heile systemet. Difor er FrP godt nøgde med at våre forslag blir vedtekne og har stor støtte i komiteen. I dei politiske debattane om matberedskap har det vore mykje snakk om Finland og kor framoverlente og dyktige dei er på dette feltet. No blir det endeleg fleirtal for å lære av Finland og kopiere den finske modellen. Det er gledeleg at det no også er einigheit om å etablere beredskapslagre med kritiske innsatsfaktorar til matproduksjon etter den finske modellen. Det er også svært gledeleg at det er breitt fleirtal på Stortinget for å be regjeringa utarbeide avtalar med daglegvarekjedene, kommunane og Forsvaret om korleis ein kan etablere beredskapslagre for mat i heile Noreg. Desse grepa og vedtak vi gjer i dag, vil utan tvil bidra positivt og sikre betre matberedskap i Noreg, noko som også vil vere avgjerande viktig for det norske folk i både krise og krig. Eg tek til slutt opp forslag nr. 1.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Stig Even Lillestøl (Fremskrittspartiet) — Innlegg · 4. jun 2026 — OverStortinget