Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 4. jun 2026

Stig Even Lillestøl
Stig Even Lillestøl
Fremskrittspartiet·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Julie E. Stuestøl, Frøya Skjold Sjursæther og Une Bastholm om strengere straff for dyrekriminalitet (Innst. 378 S (2025–2026), jf. Dokument 8:184 S (2025–2026))

Innlegget

Ein av dei tinga som har overraska meg mest her på huset, er kor ofte eg skal stå på denne talarstolen og vere einig med MDG. Det er eg også i denne saka. Eg er heilt einig med representanten Bastholms innlegg. Vi i FrP er krystallklare på at grov dyremishandling må straffast strengare. Vi ønskjer eit samfunn som står på sida til offeret, heilt uavhengig av om offeret har fire potar eller to bein. Dyrepoliti var ei av satsingane våre då vi sat i regjering, og vi fekk dyrepoliti på plass. Den første pågripinga var av ein mann som hadde flådd, mishandla og drepe ein katt. Som følgje av arbeidet til dyrepolitiet blei det også avslørt at gjerningsmannen hadde barneporno og fantaserte om både drap og valdtekt. Det kan ein sjå i samanheng med forsking som er ganske klar på at personar som utøver vald mot dyr, seinare ofte utøver vald mot menneske også. I USA har ein difor kategorisert dyrekriminalitet til nest mest alvorlege grad, nettopp fordi dei har sett at så mange av de grovaste overgriparane også utøver dyremishandling. Dessverre er straffene for grov dyremishandling for låge, med ei strafferamme på maks tre år. Til samanlikning blir grovt skadeverk på eigedom straffa med opptil maks seks år. Dersom gjenstandar som har ein betydeleg historisk, nasjonal eller religiøs verdi, blir skada, er strafferamma på heile 15 år. FrP meiner at det er ein disproporsjonalitet når samfunnet tilsynelatande verdset gjenstandar mykje høgare enn levande dyr. Det skal også vere ein samanheng mellom strafferamma og rettsoppfatninga i befolkninga. Ved å auke strafferamma skal vi både avskrekke frå mishandling og auke den rettslege beskyttelsen til dyra. Vi vil sende eit klart signal til samfunnet om at tortur av dyr er heilt uakseptabelt. Det er bra at regjeringa tilsynelatande er positiv til å auke strafferamma, men det er skuffande at vi ikkje får fleirtal for å auke strafferamma for grov dyremishandling til seks år. Det er ikkje logisk at skade på gjenstandar skal straffast strengare enn kynisk skade, mishandling og tortur av dyr. Heldigvis blir det fleirtal for ein total gjennomgang av lovverket, der vår tydelege intensjon er å auke strafferamma, men det er også viktig for oss å skilje mellom bevisst og vondskapsfull mishandling av kjæledyr og typisk forsømming av husdyr. Bønder som i ein periode kan få problem med å oppretthalde god dyrevelferd grunna sjukdom eller anna, skal ikkje straffast hardare enn i dag. Målet vårt er å treffe dei som med vitande og vilje skadar dyr. Dyra har nemleg inga eiga stemme og er heilt avhengige av oss menneske. Både dyr og menneske fortener å bli tekne på alvor. At FrP går i front for skjerpa straffar, vil vere viktig for å førebyggje overgrep også mot menneske. Både to- og firbeinte fortener tryggleik i kvardagen.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat