Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 5. jun 2026

SakInnstilling fra familie- og kulturkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Siren Julianne Jensen, Une Bastholm og Oda Indgaard om strakstiltak for å sikre norsk film- og serieproduksjon og hindre kompetanseflukt fra bransjen (Innst. 384 S (2025–2026), jf. Dokument 8:166 S (2025–2026))
Innlegget
Eg sluttar meg til dei mange godorda som er sagde om norsk filmbransje, som jobbar hardt, men som no ser resultat, og vi har mykje å takke bransjen for. I dag skal Stortinget handsame fleire forslag på eit område som er viktig for Senterpartiet, nemleg å styrkje norsk film- og tv-produksjon. For oss er dette ei viktig satsing langs fleire aksar, både lokalt og internasjonalt, og både kulturelt og som næring. Særleg viktig er det å styrkje filminsentivordninga, som Senterpartiet har kjempa for i mange år, også med krav om å gjere ho regelstyrt. Sjølv om det fyrst og fremst no er snakk om ei utgreiing og ikkje eit ferdig forslag, er det likevel eit steg i rett retning, og det har ein stor verdi at vi er mange parti som kan stå i lag og be om dette. Ei sånn utgreiing kan gje betre kunnskap og leggje grunnlaget for ei meir føreseieleg og betre ordning framover. Det er òg positivt at regjeringa blir beden om å føreslå fleire tiltak for å styrkje ordninga. Det er brei semje på Stortinget om at insentivordninga må bli betre, og det er bra. Eg vil seie det er i ånda til forgjengaren min, Åslaug Sem-Jacobsen. Ho var medie- og kulturpolitisk talsperson for Senterpartiet, og ho løfta fram nettopp mange av dei forslaga som vi handsamar her i dag. Eit viktig poeng har vore å hindre at vi mistar kompetanse frå norsk filmbransje. Uføreseielege ordningar og for lite midlar kan føre til at flinke folk reiser ut av landet for å jobbe der vilkåra er betre. Det kan vi jo ikkje akseptere viss målet vårt er å styrkje Noreg som produksjonsland. Konkurransen er hard, og mange land kjempar om dei same produksjonane. Senterpartiet er òg oppteke av at filmproduksjon ikkje berre skal skje i dei største byane, men skape aktivitet i distrikta òg. Det ser vi heldigvis gode eksempel på. Det kunne vore verdt å nemne fleire av dei, eg skal la det vere, men vi har fleire gode eksempel på det. Ei sånn satsing kan gje fleire arbeidsplassar og byggje kompetanse i heile landet. Samtidig gjev det eit større mangfald av forteljingar frå landet vårt. Senterpartiet stemmer for forslaga 2, 7, 8 og 10 og støttar tilrådinga frå komiteen. Målet vårt er ei filminsentivordning som er sterkare, meir føreseieleg og meir konkurransedyktig. Samtidig må vi arbeide for å sikre at ordninga faktisk gjev aktivitet i Noreg, mellom anna gjennom krav om innspeling her og bruk av norsk kompetanse. Målet er fleire produksjonar, meir verdiskaping og ein sterkare film- og seriebransje i heile landet. Bransjen sjølv har, som eg var inne på, vist kva han er god for, og no må vi som folkevalde snart sikre dei vilkåra som dei har bede om lenge.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat