Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 5. jun 2026

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Inge Lien, Bent-Joacim Bentzen og Ole Herman Sveian om å kompensere fylkeskommunene for utgifter som følge av statlige krav om nullutslippsteknologi (Innst. 410 S (2025–2026), jf. Dokument 8:247 S (2025–2026))
Innlegget
Det er direkte feilinformasjon til Stortinget når samferdselsministeren seier knytt til dei nullutsleppskrava som er påførte, at nullutsleppsbruken i ferje, buss og bil gjev eit fullverdig tilbod – fullverdig i forhold til alt anna. Nei, det er ikkje fullverdig. Ein kan ikkje bruke nullutsleppsferje overalt. Ein kan ikkje bruke nullutsleppsbussar overalt. Ein kan ikkje bruke nullutsleppsbilar som kommunale bilar i beredskap osv. Det er det også unntak for, så det er ikkje ei fullverdig ordning og eit fullverdig krav når regjeringa stiller krav til alle kommunar og fylke om at det skal vere nullutslepp på bil, på buss, på ferje. Det er altså ikkje fullverdig. Samferdselsministeren står og skryt av at dei har tilført ein milliard per år. Nei, det har dei slett ikkje gjort. Det fyrste året etter Nasjonal transportplan la regjeringa fram sin plan der det skulle kome ein milliard ekstra utover det ein hadde lagt opp til før. Kva kom det fyrste året? Jo, det kom 482 mill. kr. Inne i den pakka låg det til tunnelsikring, det låg til rassikring, det låg til bruer. Det var knappar og glansbilete som kom til fylka knytt til nullutslepp. Den milliarden per år statsråden står på talarstolen og skryt av, har aldri vorte levert. Det er også feilinformasjon. Eg synest samferdselsministeren skal vere litt sannferdig og leggje fram dei reelle tala og det reelle grunnlaget. Desse pålegga er overhovudet ikkje finansierte til fylkeskommunane. Eg vert ganske opprørt når eg høyrer representanten frå Høgre stå og seie at ein må følgje nøye med på dette. Det var ein nøyaktig, tru kopi av det statsminister Støre og finansministeren har sagt heile tida, om å følgje situasjonen nøye. Kva hjelper det? Det hjelper ingenting, verken i kommune eller fylke, å følgje nøye med. Viss ein meiner at dei vedtaka ein har gjort knytt til å innføre nullutslepp, er greinlause, og det ikkje vert finansierte, må ein gjere noko med det. Vi meiner den aller enklaste måten å løyse det på, er å oppheve desse krava om nullutslepp, som gjer at fylkeskommunane og kommunane kan velje sjølve, og velje den driftsforma dei ønskjer. Eg er ikkje imot nullutslepp. Vi i Møre og Romsdal innførte nullutsleppsferjer lenge før kravet kom, fordi det var fornuftig, men det er ikkje fornuftig for buss. Vi må kutte i busstilbodet, rett og slett fordi vi ikkje har råd til å betale for desse bussane. Å kompensere etterskotsvis er eg einig med statsråden i at vert heilt håplaust. Fylkeskommunane vel sine eigne løysingar, men dei pålegga som no kjem på buss, er umoglege å handtere. Det er ikkje noko fylke som klarar å oppfylle dei krava, og då må ein kutte i tilbodet. Det er fantastisk. Eg må nesten seie gratulerer. Ein vert påført eit krav, og så må ein kutte i tilbodet. (Innlegg er under arbeid)
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat