Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. jun 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Inge Lien, Bent-Joacim Bentzen og Ole Herman Sveian om å kompensere fylkeskommunene for utgifter som følge av statlige krav om nullutslippsteknologi (Innst. 410 S (2025–2026), jf. Dokument 8:247 S (2025–2026))

Innlegget

Eg skal prøve å vere forsiktig med innlegget til siste talar. Eg trur vi har rimeleg god kontroll på kva som ligg i budsjetta til samferdsel i transportkomiteen. Det skal ingen tvile på. Viss ein tek seg bryet med å opne f.eks. overføringane frå regjeringa til transportføremål i 2025, står det at 408,5 mill. kr er overførte. Det var fyrste året etter NTP, der ein altså lovde over ein milliard. Eg er klar over at ein har lagt inn til kollektiv, men innanfor NTP og til samferdsel er det kome så mange krav knytte til både fylka og kommunane. Fylka er overhovudet ikkje kompenserte for det vi treng til asfalt, det vi treng til å kompensere både ferje og buss. Spesielt buss er ei utfordring. Det ser vi i alle fylka. Ja, det var lagt inn midlar, men det er overhovudet ikkje i nærleiken av å kompensere for dei kostnadene som ligg på nullutsleppskrava. For ein som er veldig flink til å setje seg inn i budsjett og ting og tang: Eg har sete over 24 år i fylkestinget og har vore med på å innføre både nullutsleppsferjer og anna. Eg veit kva det kostar å innføre nullutsleppsferjer. Eg veit kva det kostar med ladesystem til berre eitt ferjesamband. Det er opp mot 25 mill. kr for eit ladepunkt på kvar side av ferjestrekningane. Representantar her, gjerne også dei som har lese seg veldig godt opp på ting og tang, kan ta seg eit lite djupdykk ut i vestlandsfylka og få lære litt om korleis det faktisk fungerer i praksis med å få innført desse nullutsleppskrava. Det dreier seg om å vere tydeleg frå talarstolen på kva ein gjer. Statsråden er nøydd til å vere tydeleg. Han sa klart og tydeleg i replikkordskiftet at den nullutsleppsdelen som no vert innført, er eit fullverdig tilbod. Det er ikkje fullverdig. Det kjem aldri til å verte fullverdig. Så enkelt er det. Kven som helst kan prøve å motbevise det, men det er faktisk umogleg å gjere det. Det er ferjestrekningar det aldri kjem til å kome nullutslepp på. Regjeringa seier nei til hurtigbåtar, for det er faktisk ikkje mogleg å gjennomføre det. Det er f.eks. busstilbod vi i Møre og Romsdal måtte berre gje klar melding om at ikkje er mogleg med nullutslepp. Det er ikkje fullverdig. Når statsråden står og seier det på talarstolen eller i replikkordskiftet, er eg i min fulle rett til å påpeike det, og eg kjem definitivt til å gjere det også i fortsetjinga. Vi har bra kontroll på rammene til transportkomiteen, det skal iallfall ingen tvile på.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Frank Edvard Sve (Fremskrittspartiet) — Innlegg · 5. jun 2026 — OverStortinget