Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. jun 2026

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ove Trellevik, Anne Kristine Linnestad, Haagen Poppe og Tage Pettersen om å be regjeringen stanse Statsforvalteren i Agder sin prosess med å omgjøre rettskraftige kommunale dispensasjonsvedtak (Innst. 421 S (2025–2026), jf. Dokument 8:230 S (2025–2026))

Innlegget

Helge André Njåstad (FrP) [09:46:37](ordførar for saka): Eg vil starta med å takka forslagsstillarane for å reisa eit viktig forslag om ei sak som mange av oss meiner var heilt unødvendig. Det er ganske oppsiktsvekkjande at forvaltinga gjer det som statsforvaltaren i Agder her har gjort. Fyrst får ein ei rekkje enkeltsaker på bordet til uttale, men unnlèt å uttala seg. Deretter fattar kommunen eit lovleg vedtak som innbyggjarane rettar seg etter. Etter ein del medieoppslag om ei enkeltsak i Agder finn ein ut at ein skal gå tilbake i tid og sjå kor mange andre enkeltsaker ein sjølv har hatt anledning til å meina noko om, og føreta ein lovlegheitskontroll i ettertid. Eg vil nesten seia at det er litt unorsk med tanke på den tilliten som er så viktig for samfunnet, der borgarar rettar seg inn etter lovlege vedtak som blir fatta av kommunen. Dei søkjer, og staten har moglegheit til å koma med klager og innvendingar i forkant, men å gjera det i etterkant, som ein lovlegheitskontroll, er ein situasjon som mange vil oppleva som udemokratisk og ugrei. Viss me ser det frå innbyggjarane sitt perspektiv, framstår det veldig ugreitt å gjera det på denne måten. I ei av desse åtte sakene er det nokon som allereie har brukt ein million av eigne pengar på å innretta seg etter eit lovleg vedtak som statsforvaltaren no seier er ugyldig. Ein annan ville rydda opp i ei 23 år gammal bryggjesak, der ein før hadde ei trebryggje som var dårleg, og erstatta ho med ei steinbryggje. Han ville søkja og få ho lovleg, fekk lov hos kommunen og innretta seg etter det, og så fekk han problem etterpå. Eg trur alle ser at her har statsforvaltaren unnlate å reagera på sakene når ein hadde moglegheit, og då bør ein ikkje gjera det på den måten som prosessen i Agder har lagt opp til. Difor er eg veldig glad for at det er eit fleirtal som er einig med forslagsstillarane, og som òg er einig med oss i Framstegspartiet, i at staten ikkje kan oppføra seg sånn overfor enkeltpersonar som innrettar seg etter lovleg fatta vedtak. Det er veldig bra. Eg reagerer òg på at når det ligg ei sak til behandling i Stortinget, vel likevel statsforvaltaren å sluttbehandla desse sakene. Det fortel litt om kva respekt ein har for landets nasjonalforsamling, at ein ikkje ventar til behandlinga av denne saka før ein avgjer dei sakene. Difor har det òg vore nødvendig å leggja fram eit laust forslag, som er på vegner av Framstegspartiet, Høgre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, der ein seier at regjeringa må følgja opp desse enkeltsakene òg, for me kan ikkje behandla folk på denne måten her i landet. Eg er glad for at eit fleirtal seier at makta og innflytelsen til statsforvaltaren i dette samfunnet har vore for stor, og at Stortinget difor må gripa inn og sørgja for at sunn fornuft framleis skal gjelda. Eg tek opp forslaget som Framstegspartiet er med på.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Helge André Njåstad (Fremskrittspartiet) — Innlegg · 5. jun 2026 — OverStortinget