Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 5. jun 2026

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ove Trellevik, Anne Kristine Linnestad, Haagen Poppe og Tage Pettersen om å be regjeringen stanse Statsforvalteren i Agder sin prosess med å omgjøre rettskraftige kommunale dispensasjonsvedtak (Innst. 421 S (2025–2026), jf. Dokument 8:230 S (2025–2026))
Innlegget
Statsforvaltaren er stadig under press, m.a. frå parti og representantar på Stortinget som vil vengjeklippe embetet. Dette er skremmande. Saka som no er oppe til debatt, viser kor viktig det er at statsforvaltaren får gjere jobben sin. Her handlar det om dispensasjonar for bygging i strandsona som kommunane tidlegare har vedteke. Spørsmålet om det er grunnlag for dispensasjon eller ikkje, handlar utelukkande om jus, ikkje om politisk skjøn. Høgsterett slo dette tydeleg fast 27. mars i år. Når statsforvaltaren påpeiker at kommunen ikkje har grunnlag for å gje dispensasjonar, er det følgjeleg heller ikkje overprøving av det lokale sjølvstyret. Det handlar om å sikre likebehandling, rettssikkerheit og samsvar med gjeldande rett. Eg meiner difor at Stortinget ikkje skal behandle saker som statsforvaltaren har som oppgåve å vurdere, på same måte som at vi 169 representantane ikkje skal blande oss inn i avgjerder som domstolane gjer. Den konkrete saka i Agder tek utgangspunkt i 140 dispensasjonssaker der det er funne manglar i vedtaka. Berre sju av desse har statsforvaltaren teke tak i gjennom såkalla lovlegheitskontroll. Det er altså dei mest alvorlege sakene, som kan ha vesentlege negative verknader, som statsforvaltaren har teke tak i, og som representantforslaget forsøkjer å stanse. Forslagsstillarane meiner det er problematisk at statsforvaltaren ikkje greip inn i prosessen i desse sju sakene før kommunen gav dispensasjon. Det er eg einig i. Det har dessverre vore ein uheldig praksis i form av at kommunane i varierande grad sende forslag til dispensasjonar til statsforvaltaren. Dermed var det vanskeleg for statsforvaltaren å engasjere seg til rett tid. Det kan sikkert vere forbetringspotensial hos statsforvaltaren i nokre saker òg, men dette kan ikkje hindre statsforvaltaren i å rydde opp i openbert feilaktige og/eller uryddige vedtak i ettertid. Det er òg viktig å ikkje så tvil om oppgåvene til statsforvaltaren. Eit politisk press for at statsforvaltaren skal halde fingrane av fatet, slik vi stadig ser døme på, kan bidra til unødig usikkerheit og atterhald hos statsforvaltaren i saker der det i ettertid viser seg openbert nødvendig å gripe inn òg. Det skaper uføreseielegheit for kommunar og utbyggjarar og andre som kommunale vedtak får konsekvensar for, og det er ingen tent med. Likebehandling skal vere eit viktig prinsipp, og det er viktige verdiar statsforvaltaren forvaltar på vegner av Stortinget. Vi må sørgje for at statsforvaltaren har eit tydeleg mandat og får anledning til å gjere jobben sin. Dersom representantforslaget blir vedteke, vil Stortinget utfordre det grunnleggjande skiljet mellom lovgjevande og utøvande makt. MDG stemmer difor openbert mot dette forslaget.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat