Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 5. jun 2026

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ove Trellevik, Anne Kristine Linnestad, Haagen Poppe og Tage Pettersen om å be regjeringen stanse Statsforvalteren i Agder sin prosess med å omgjøre rettskraftige kommunale dispensasjonsvedtak (Innst. 421 S (2025–2026), jf. Dokument 8:230 S (2025–2026))
Innlegget
Det er utvilsamt læringspunkt i denne saka. Det forventar eg at statsforvaltaren merkar seg, og at statsråden følgjer opp på ein god måte. Likevel: Etter vår meining bør dette fortrinnsvis ikkje skje etter denne typen pålegg frå Stortinget. Det er utvilsamt enkeltsaker som er problematiske her. Eg har stor forståing for dei som blir ramma av denne prosessen, men samtidig reagerer eg veldig sterkt på mykje av argumentasjonen her som er så lite prinsipiell. Det blir snakka om å overkøyre lokaldemokrati, men her overkøyrer eit fleirtal truleg maktfordelingsprinsippet, ein overkøyrer Stortingets vedtekne politikk, ein overkøyrer likebehandlingsprinsippet, og ein overkøyrer interessene til allmenta. Dette er juss, og ikkje politikk – det handlar ikkje om å køyre over lokalpolitisk skjønn. Det har denne saka rett og slett ikkje noko med. Eg ser svært alvorleg på at Stortinget utfordrar maktfordelingsprinsippet på denne måten og ikkje evnar å løfta seg over og sjå det prinsipielle her. Eg ser òg svært alvorleg på at ein ikkje tek dette med likebehandling og likskap for lova på alvor. Når vi høyrer statsråden seie at dette er ulovleg, noko eg trur han har heilt rett i, er det verkeleg alvorleg at Stortinget går inn for å gjere ulovlege vedtak med vitande og vilje. Dersom vi verkeleg meiner at vi ikkje vil ha den politikken vi har i dag, bør Stortinget endre sin politikk, for rolla til statsforvaltaren er faktisk å handheve den politikken vi har vedteke. Det blir sagt at rettskraftige vedtak må liggje fast. Då er det ekstra urovekkjande at ein meiner at norsk lov ikkje bør liggje fast og kunne følgjast. Det at Stortinget vel både å køyre over lovlegskap og å blande seg i enkeltsaker på denne måten, kan vi ikkje på nokon måte akseptere.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat