Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. jun 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jorunn Gleditsch Lossius, Ida Lindtveit Røse, Harry Valderhaug og Hans Edvard Askjer om å bekjempe bostedsløshet blant barnefamilier (Innst. 425 S (2025–2026), jf. Dokument 8:243 S (2025–2026))

Innlegget

La meg først takke Kristeleg Folkeparti for å løfte ei viktig sak og for eit godt forslag. Bustadløyse blant barnefamiliar er eit av dei tydelegaste uttrykka for at velferdsstaten vår enno ikkje har kome i mål. Difor er eg glad for at dei to lause forslaga i saka får fleirtal i dag, i tillegg til tilrådinga. Ein trygg heim er ikkje berre eit tak over hovudet, det er grunnlaget for tryggleik, helse, læring og fellesskap vidare i livet. Ein oppvekst prega av usikkerheit og midlertidigheit gjer det vanskeleg for eit barn å bli trygt og knyte band til andre og å fokusere på t.d. skule og læring. Det aukar risikoen for utanforskap, psykiske belastingar og fattigdom vidare i livet. Det mest frustrerande med denne situasjonen er at vi veit at han kan løysast. Noreg er eit av verdas rikaste land. Vi har ressursane, kunnskapen og verkemidla som trengst. At stadig fleire opplever bustadusikkerheit og bustadløyse, er difor ikkje først og fremst eit spørsmål om moglegheiter, det er eit spørsmål om politiske prioriteringar. Difor er det skuffande at regjeringa ikkje har gjort meir. Når forslag om ein nasjonal handlingsplan mot bustadløyse og ei styrking av bustøtta ikkje får fleirtal, kan ein stille spørsmål ved om regjeringa har teke alvoret i saka innover seg. For MDG handlar dette om å sikre at alle har ein trygg stad å bu. Dersom vi skal sikre trygge oppvekstforhold for alle barn i dette landet, held det ikkje med ein politikk som berre sikrar midlertidige løysingar i akuttsituasjonen. Vi må sjå på heile bustadmarknaden og heile bustadpolitikken. Det krev ei satsing på sosial bustadpolitikk, fleire ikkje-kommersielle bustader og ei bustøtte som faktisk følgjer prisutviklinga. Det er absolutt ikkje umogleg. I Wien er omtrent 60 pst. av leilegheitene subsidierte, og i heile Danmark er 20 pst. av leilegheitene ikkje-kommersielle. Bustadløyse er ikkje eit naturfenomen, det er resultatet av politiske val. Det betyr også at det kan løysast gjennom politiske val. Difor håper MDG at dagens vedtak blir starten på ein offensiv innsats for å sikre alle barn og alle vaksne i dette landet ein trygg heim. Vi ønskjer å støtte både dei lause forslaga og tilrådinga frå komiteen.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Marius Langballe Dalin (Miljøpartiet De Grønne) — Innlegg · 5. jun 2026 — OverStortinget