Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 5. jun 2026

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Inge Lien, Bent-Joacim Bentzen og Ole Herman Sveian om å kompensere fylkeskommunene for utgifter som følge av statlige krav om nullutslippsteknologi (Innst. 410 S (2025–2026), jf. Dokument 8:247 S (2025–2026))
Innlegget
Det er gledeleg at Senterpartiet vil satse meir på nullutsleppsteknologi. La oss håpe at dette gjeld også i RNB-forhandlingane. I Vestland MDG har vi jobba hardt for å få på plass nullutsleppsløysingar til lands og på vatnet. Det har vore krevjande både økonomisk, teknisk og politisk. Eg har stor forståing for intensjonen i dette forslaget. Vi hadde ønskt oss mykje betre ordningar, og Vestland gjekk langt utover dei statlege krava. Når dette forslaget kjem, ekskluderer det mykje av dei investeringane og dei satsingane ein har gjort i Vestland. Det synest vi naturlegvis er veldig uheldig, for langt frå alt dette var lovpålagd. Som representanten Vestenfor var inne på, er det også utfordrande å gje det tilbakeverkande kraft, i strid med prinsippa vi vanlegvis følgjer. Som sagt er vi einige med Senterpartiet i at omstillinga har vore utfordrande for fylkeskommunane. Difor vel vi å styrkje økonomien til fylkeskommunane. Som representanten Fasteraune var inne på, har det vore mykje snakk om billegare månadskort og billegare kollektiv. Det synest vi er viktig, men det er sjølvsagt også viktig med eit tilbod. Difor ønskjer vi ei satsing på begge delar. Det eine utelukkar ikkje det andre. Som distriktsrepresentant er eg sjølvsagt veldig oppteken av at dette også kjem ut i distrikta. I Sunnfjord har vi fått veldig billege kollektivbillettar, men det er framleis mykje å gjere med tilbodet. Dette forslaget løyser diverre ikkje noko av det. Vi vil definitivt styrkje støtta til nullutsleppsteknologi framover, og vi vil styrkje tilbodet i distrikta. Det håpar vi Senterpartiet også vil vere med på.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat