Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 5. jun 2026

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jorunn Gleditsch Lossius, Ida Lindtveit Røse, Harry Valderhaug og Hans Edvard Askjer om å bekjempe bostedsløshet blant barnefamilier (Innst. 425 S (2025–2026), jf. Dokument 8:243 S (2025–2026))
Innlegget
Me behandlar ei sak som rører ved noko av det mest grunnleggjande i eit menneskeliv – å ha ein stad å bu. Me deler den sterke bekymringa for utviklinga me ser, talet på bustadlause aukar og det mest alvorlege er at fleire barnefamiliar er ramma. Ingen ungar skal veksa opp utan ein fast bustad i Noreg, og det er eit mål me må stå samla om. Nettopp fordi situasjonen er så alvorleg, må me òg vera ærlege om kva som faktisk verkar. Forslagsstillarane meiner bl.a. at ein ny nasjonal handlingsplan er svaret. Det tvilar eg sterkt på at vil hjelpa. Me treng ikkje fleire planar, me treng betre gjennomføring av det arbeidet som alt er sett i gang, og sterkare samordning av innsatsen der folk faktisk lever livet sitt – i kommunen. Bustadløyse er ikkje eit enkelt problem, det er ofte summen av fleire. Det handlar om økonomi ja, men òg om fysisk og psykisk helse, om rus, om arbeid og om oppvekstvilkår. Difor må fleire fagområde arbeida tettare saman om løysingane. Her har kommunen ei avgjerande rolle. Det er kommunen som møter folk, det er der ein ser heilskapen i livet til den enkelte, og det er der ein kan setja inn tiltak som faktisk verkar når bustad og helse- og sosialtenester vert sette i samanheng. Difor er det så viktig at kommunen har både kunnskap, ansvar, verktøy og handlingsrom. Skal me lykkast, må me ha gode tiltak mot bustadløyse, me må verta betre til å jobba saman på tvers av sektorane og forvaltningsnivåa. Det er heller ikkje at kvar instans gjer sin del kvar for seg – innsatsen må henga saman rundt det mennesket det gjeld. Det er nettopp denne samordninga regjeringa no arbeider med å styrkja, m.a. gjennom betre koordinering frå KDD og i tett dialog med Husbanken og dei største byane. I tillegg kjem konkrete tiltak – fleire bustader, ein meir føreseieleg leigemarknad og ei bustøtteordning som vert meir treffsikker. Dette er grep som verkar, fordi dei treffer dei reelle utfordringane. Det me treng, er betre samordning, sterkare lokal innsats, eit auka fokus og satsing frå kommunen i deira rolle og ansvar når det gjeld bustadsatsing og tiltak som verkar i kvardagen til folk. Til det lause forslaget frå KrF: Me treng ordningar som er endå meir målretta, treffsikre og mindre byråkratiske for familiar med låg inntekt som har reelt behov for støtte. Difor kjem Arbeidarpartiet til å støtta det lause forslaget frå representanten Lindtveit Røse på vegner av KrF mfl.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat