Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. jun 2026

Solveig Vestenfor
Solveig Vestenfor
Arbeiderpartiet·Buskerud

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jorunn Gleditsch Lossius, Ida Lindtveit Røse, Harry Valderhaug og Hans Edvard Askjer om å bekjempe bostedsløshet blant barnefamilier (Innst. 425 S (2025–2026), jf. Dokument 8:243 S (2025–2026))

Innlegget

Eg er nøydd til å kommentere siste talar. Det er klart at bustadsituasjonen i Noreg er veldig krevjande. Det er ingen tvil om. Det er i alle fall byggjenæringa heilt tydeleg på. Samtidig er det også tydeleg at me lever i ein perfekt storm av veldig mange utfordringar. Statsråden var inne på det i stad. Me snakkar om materialkostnader, om rentesituasjonen og om eit veldig byråkrati, som ein no er i gang med å forenkle. Det vert teke veldig mange grep. Byggjenæringa er også tydeleg på at dei er utolmodige. Det utolmodet deler både regjeringa og me her i Stortinget. Det er det viktig å få sagt. Når me snakkar om å styrkja økonomien til barnefamiliane, vil eg vise til det som har fått fleirtal her i dei siste budsjetta, det gjeld både barnehageprisar, SFO og fleire andre saker. Me er einige om den utfordringa me står i, og her er det veldig viktig at eit samla storting faktisk jobbar for dei tiltaka me trur vil hjelpa, raskast råd.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat