Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 5. jun 2026

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Inge Lien, Bent-Joacim Bentzen og Ole Herman Sveian om å kompensere fylkeskommunene for utgifter som følge av statlige krav om nullutslippsteknologi (Innst. 410 S (2025–2026), jf. Dokument 8:247 S (2025–2026))
Innlegget
Solveig Vestenfor (A) [11:53:14] (ordførar for saka): Som saksordførar vil eg takka komiteen for eit godt arbeid i saka. Forslaget frå Senterpartiet reiser eit viktig spørsmål: kva for økonomiske konsekvensar krava om nullutsleppsteknologi har hatt for fylkeskommunane. Det har vore, og er forhåpentlegvis framleis, brei politisk einigheit her på huset om nullutsleppsmålet. Me skal kutta utslepp, og overgangen til nullutslepp i kollektivtransporten er ein viktig del av dette. Fylkeskommunane har stått i front for gjennomføringa over heile landet, ofte med stramme budsjett. Den innsatsen fortener dei anerkjenning for. På vegner av Arbeiderpartiet vil eg likevel leggja til at det grøne skiftet har vore, og er, eit felles prosjekt der både fylka, staten, ideelle organisasjonar og marknaden sjølv har teke ansvar. Men til denne saka – rett skal vera rett: Fylkeskommunane har investert i både køyretøy og nødvendig infrastruktur, og dei har teke viktige steg for å redusera utsleppa, i eit land der både temperatur, topografi og infrastruktur er veldig variert. Me må erkjenna at føresetnadene for omstilling ikkje er like i Troms og Vestfold. Difor har det i nokre tilfelle vore verken teknisk eller økonomisk mogleg å innfri krava fullt ut. Difor finst det òg unntak i regelverket. Det er eit viktig poeng: Me skal ha ambisiøse mål, men òg rom for andre løysingar og tilpassingar der forholda krev det. Likevel er det gledeleg å sjå at utviklinga går rett veg. Teknologien har modnast raskt, og marknaden har i stor grad teke i bruk nullutsleppsløysingar – i mange tilfelle før krava vart innførte. Så til forslaget. Arbeiderpartiet har forståing for intensjonen, men me kjem ikkje til å støtta det. Staten har over tid bidratt med kompensasjon over rammetilskotet, òg når det gjeld nullutsleppskrava, og desse midlane vert justerte årleg og i takt med utviklinga. I tillegg handlar dette om eit grunnleggjande prinsipp, og det er kanskje mitt viktigaste poeng: at nye krav skal følgjast opp gjennom dei ordinære budsjetta på ein føreseieleg og heilskapleg måte. Forslaget om ei ordning med tilbakeverkande kompensasjon bryt med dette. Det kan svekkja insentiva for effektiv ressursbruk – og endå verre: leggja grunnlaget for ulik behandling frå fylke til fylke. Me står fast ved ambisjonen om eit raskt og rettferdig grønt skifte. Det krev både balanserte verkemiddel, føreseielege rammer og rom for fleksibilitet der det er nødvendig.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat