Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. jun 2026

Solveig Vestenfor
Solveig Vestenfor
Arbeiderpartiet·Buskerud

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Inge Lien, Bent-Joacim Bentzen og Ole Herman Sveian om å kompensere fylkeskommunene for utgifter som følge av statlige krav om nullutslippsteknologi (Innst. 410 S (2025–2026), jf. Dokument 8:247 S (2025–2026))

Innlegget

Me nærmar oss slutten på debatten, ser det ut til. Det er ikkje meininga mi å fyra opp til meir debatt no, eg har berre lyst til å seia at det er viktig å minna oss sjølve om at utsleppspolitikken og ambisjonane ikkje er noko som er eine og aleine frå denne salen. Det er noko ein er oppteken av på både regionalt og lokalt nivå rundt om i landet. Ambisjonane gjeld for fleire enn oss her. I og med at nokon som har teke ordet her i debatten, ikkje har vore med frå starten av behandlinga, er det viktig å seia – og eg gjentek det statsråd Nygård nettopp sa – at det finst unntak. Det er viktig utifrå beredskapsomsyn at ein har alternativ. Det er viktig å forhalda seg til om infrastrukturen er realistisk og mogleg å få det til. Er det urimeleg høge kostnader, må ein òg ta omsyn til det. Fylkeskommunane har dette store ansvaret. Enkelte satsingar kan verta for dyre og andre plassar er det ikkje teknisk mogleg. Då er det fylkeskommunen si krevjande og viktige oppgåve å sjå på tilbodet. Kor mykje kan ein eigentleg få til for dei pengane ein har? Samtidig er det viktig at me som sit i kommunalkomiteen, og som har den jamlege dialogen med fylkeskommunen, faktisk er oppdaterte på realismen for gjennomføring, ikkje minst for å følgje situasjonen nøye. Det handlar rett og slett om me har dei overføringane som er riktige å ha, og må me kanskje redusera ambisjonane nokon plassar? Det er det store spørsmålet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Solveig Vestenfor (Arbeiderpartiet) — Innlegg · 5. jun 2026 — OverStortinget