Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 8. jun 2026

SakInnstilling fra energi- og miljøkomiteen om Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven) (Innst. 436 L (2025–2026), jf. Prop. 61 L (2025–2026))
Innlegget
Ordførar – nei, ikkje ordførar, det er faktisk president! Eg tenkte tilbake på mitt tiårige liv som ordførar og at det no i avslutninga på min første sesjon her på Stortinget er veldig fint å kunna ta ordet i akkurat denne saka, for det er noko eg har jobba mykje med heime. Denne debatten er interessant, for det handlar eigentleg om tiltru til, eller manglande tiltru til, lokale folkevalde. Eg vil takka Hagenborg og Strifeldt for på vegner av dei to partia å ha klart å verta einige. Det er heilt klart at lokale folkevalde kjenner veldig godt til verdien av den urørte naturen. Heime har me eit omgrep som gjerne vert nytta, og det er «gapakøyring». Eg vil tru alle her skjønar kva det betyr. Det har nemleg vore fortviling knytt til «gapakøyring», ulovleg køyring, og frustrasjon over manglande sanksjonar og ikkje minst at politiet ikkje har ressursar til å ta dei som driv med dette. Eit lovverk frå 1977 må fornyast. Reglane er ikkje i tråd med utfordringane no – eg tenkjer på ATV-ar og på rullestolar m.m. Lovforslaget her gjev kommunane større ansvar og større fleksibilitet – og innanfor dei nasjonale føringane, det er viktig å få sagt, for heime er det slik at villreinen framleis har eit nasjonalt vern. Det er viktig for oss lokalt, og det er viktig for oss nasjonalt. Det er ein fridom som er innanfor fastsette rammer. Eg er ikkje så veldig bekymra som enkelte andre er, for den lovgjevinga som no vil få fleirtal, gjev legitimitet ute blant folk. Folk forstår at dette ikkje er frislepp, dei forstår at her er det eit ansvar, ei styring ut frå lokal kjennskap. For mange betyr det mykje å køyra lovleg innanfor dei rammene som vert sette, og det er veldig bra at det er eit unntak for f.eks. Raudekrossen når det gjeld øvingskøyring. Eit anna moment her er at arealpolitikk kanskje er noko av det som engasjerer mest i lokalpolitikken, og eg trur òg at dette slik sett kan motivera fleire til å engasjera seg. Dette vil vera bra for naturen. Eg nikka då statsråden hadde ordet i replikkordskiftet i stad, for eg kjenner meg veldig att i det han seier. Dette vil leggja til rette for regulerte løyper, lovleg køyring, rekreasjonskøyring og folkehelse. Det handlar om livskvalitet, det handlar om trygg ferdsel og mindre ulovleg køyring der det ikkje er bra, f.eks. nær villreinen. Eg har tru på at mindre ulovleg køyring vil vera bra for den sårbare naturen og for dyrelivet. Så eg er glad i dag, og eg ynskjer kommunane masse lykke til med å gjera kloke vedtak.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat