Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 9. jun 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ida Lindtveit Røse, Jorunn Gleditsch Lossius og Joel Ystebø om trygghet for mødre i barselomsorgen (Innst. 429 S (2025–2026), jf. Dokument 8:205 S (2025–2026))

Innlegget

Noreg er blant dei tryggaste landa i verda å føda i. Det skal me vera veldig stolte av. Dei fleste kvinner er fornøgde med både svangerskapsomsorga og sjølve fødselen, og det er eit kvalitetsstempel til jordmødrer, barnepleiarar og helsepersonell over heile landet. Men barseltida skårar lågare. Det ser me òg veldig godt i Vestfold. Dette bør me ta på alvor. Når fødselen er over, er faktisk ikkje behovet for hjelp nødvendigvis over. For mange er det då nye spørsmål, nye utfordringar og nye bekymringar melder seg, spesielt når det gjeld førstegongsfødande. For ein førstegongsfødande finst det inga erfaring å lena seg på. Alt er nytt. Kvar lyd frå ungen er ny, kvar bekymring er ny, kvar smerte er ny. Då betyr det mykje å vita at hjelpa finst dersom ein treng ho. Samtidig er kvinner ulike. Nokre kjem med ei lang ønskeliste, andre har ingen forventingar i det heile teke. Nokre ønskjer å reisa heim ganske raskt, andre treng meir tid. Nokre treng lite hjelp, mens andre treng mykje tid. Difor handlar ikkje trygg barselomsorg om at alle skal få det same. Det handlar om at alle skal få det dei treng. Kvart år opplever tusenvis av kvinner fødselsdepresjon. Mange slit med smerter, bekkenplager eller fødselsskadar lenge etter at dei har reist heim frå sjukehuset. Bak desse tala finst det ikkje berre statistikk, der finst det menneske, det finst familiar, det finst ungar. Difor er eg veldig glad for at Stortinget styrkjer innsatsen mot fødselsdepresjon og for kvinnehelse. Men Framstegspartiet kjem tilbake til det same spørsmålet: Kven skal vera der når hjelpa trengst? For den jordmora som har ansvar for fleire fødande samtidig, får ikkje meir tid av ein ny handlingsplan. Den nybakte mora som treng hjelp klokka tre om natta, blir ikkje tryggare av ein ny strategi. Difor treng me fleire jordmødrer, difor treng me fleire barnepleiarar og barselsjukepleiarar, og difor må me bruka kompetansen til jordmødrene betre. Me snakkar mykje om korleis me skal få fleire barn i Noreg. Då er det kanskje ikkje heilt ulogisk å starta med å ta best mogleg vare på dei som faktisk får ungar, for dersom me ønskjer fleire ungar i framtida, må me faktisk òg sørgja for at fleire opplever svangerskap, fødsel og barseltid som trygt og godt. Det verkar i alle fall som ein betre plan enn å berre skriva ein ny plan om det.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat