Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 9. jun 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erlend Svardal Bøe og Margret Hagerup om bedre tilgang til vaksiner og enklere gjennomføring av vaksinering (Innst. 422 S (2025–2026), jf. Dokument 8:225 S (2025–2026))

Innlegget

Me brukar milliardar på å behandla sjukdom, men når me får sjansen til å hindra sjukdom før folk blir sjuke, går systemet plutseleg mykje saktare. Det er eigentleg det denne saka handlar om. For problemet er ikkje at me manglar vaksinar, problemet er at vaksinar som kan førebyggja sjukdom og redusera belastninga på helsevesenet, blir ståande fast i systemet. Fagfolka har gjort jobben sin. Dei har vurdert om vaksinen verkar, og om han er trygg. Dei har vurdert om han er verd pengane. Likevel kan sakene bli liggjande i årevis før det kjem ei avgjerd. Det er veldig vanskeleg å forstå. For dersom me veit at eit tiltak verkar, dersom me veit at det kan hindra sjukdom, og dersom me veit at det er ei god investering for samfunnet, kvifor skal det då bli ståande i kø? Framstegspartiet meiner at førebygging måtakast meir på alvor. Kvar pasient som slepp sjukdom, er ein gevinst for den enkelte, men det er også ein gevinst for helsevesenet. Den beste sjukehussenga er ofte den som aldri blir brukt. Samtidig er det viktig for meg å seia at Framstegspartiet ikkje er for tvang. Folk skal få bestemma over eigen kropp og eiga helse. Vaksinasjon må byggja på frivilligheit, tillit og god informasjon, men for å kunna ta gode val må folk få kunnskap og tilgang. Mange veit ikkje kva vaksinar som blir anbefalte. Mange veit ikkje når dei bør fornyast. Mange veit ikkje om dei høyrer til i ei risikogruppe. Difor støttar me betre informasjon, betre påminningsordningar og enklare tilgang til vaksinar. Me meiner òg at apotek og vaksineklinikkar må få spela ei større rolle. Helsetenestene må vera der folk er. Det gir betre tilgang, mindre byråkrati og frigjer tid hos fastlegane. Framstegspartiet støttar difor forslaga om raskare innføring av anbefalte vaksinar, meir open og føreseieleg saksbehandling, større bruk av apotek og vaksineklinikkar og betre tilgang til vaksinar på blå resept for fleire risikogrupper. For dette handlar eigentleg om noko ganske enkelt: Når fagfolka har gjort jobben sin, bør ikkje gode tiltak bli ståande fast i ein politisk kø. Den største forskjellen er ikkje mellom sjuk og frisk i denne saka, han er mellom dei som kan ta fram bankkortet og kjøpa seg vern, og dei som må venta på at regjeringa skal bestemma seg. Det er eit Forskjells-Noreg Framstegspartiet ikkje vil ha. Difor støttar me forslaga i saka.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Anne Grethe Hauan (Fremskrittspartiet) — Innlegg · 9. jun 2026 — OverStortinget