Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kristian August Eilertsen, Julia Brännström Nordtug, Bård Hoksrud, Stig Atle Abrahamsen og Anne Grethe Hauan om beskyttelse av spedbarn mot RS-virus (Innst. 415 S (2025–2026), jf. Dokument 8:237 S (2025–2026))
Innlegget
Det finst lydar foreldre aldri gløymer, som den første latteren, det første ordet og den vesle, raske pusten til ein nyfødd baby som søv trygt, men det finst òg ein annan lyd: lyden av eit spedbarn som kjempar for å få nok luft. Kvart år blir mellom 1 000 og 2 000 norske spedbarn lagt inn på sjukehus med RS-virus. For dei fleste er dette eit virus som går over av seg sjølv, men for dei aller minste kan det vera alvorleg. Foreldre sit ved sjukehussenga og ser brystkassa til barnet arbeida hardare og hardare for kvar pust. Ingen foreldre burde oppleva det dersom me kan førebyggja det. Det er nettopp det denne saka handlar om. Me står ikkje i ein situasjon der kunnskapen manglar. Me veit kva som verkar. Folkehelseinstituttet har anbefalt tiltak. Direktoratet for medisinske produkt har vurdert tiltaket. Verdas helseorganisasjon har anbefalt at land innfører vern mot RS-virus. Nesten heile Europa har gjort det. Finland har rapportert ein dramatisk nedgang i innleggingar etter innføring av vaksinen. Sverige har allereie starta med det. Mens andre land har bygd rekkverk langs vegen, står Noreg framleis og diskuterer om me skal kjøpa plankane. Det er veldig vanskeleg å forstå, særleg når me veit at dette ikkje berre kan hindra sjukdom og liding, men òg spara samfunnet for pengar. I dag er situasjonen slik at dei som har råd, kan kjøpa beskyttelse sjølv. Dei som ikkje har råd, må håpa på det beste. Det kostar ca. 2 500 kr for beskyttelsen, for tryggleiken. Slik skal me ikkje ha det. Helsa til eit spedbarn kan ikkje avgjerast av saldoen på kontoen til foreldra. Det handlar om tryggleik, det handlar om likskap, og det handlar om å bruka kunnskapen me allereie har. RS-sesongen ventar ikkje på budsjettprosessar. Viruset tek ikkje pause medan sakene går frå skrivebord til skrivebord. Når alle faglege lys står grøne, må nokon slutta å stå på bremsa, for bak alle tala står det eit barn, bak alle tala står det foreldre, og bak alle tala står det netter ingen familie ønskjer å oppleva. Difor må me få dette på plass så raskt som mogleg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat