Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 9. jun 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentant Kjersti Toppe om desentralisering av sjukehustilbodet og sikring av lokalsjukehus med breiddekompetanse i heile landet (Innst. 414 S (2025–2026), jf. Dokument 8:253 S (2025–2026))

Innlegget

Folk spør: Kva blir det neste som forsvinn? På Ringerike er folk bekymra. I Vestre Viken er folk bekymra. På Stord er folk bekymra. På Tynset forsvann døgntilbodet ved DPS. I Seljord forsvann døgntilbodet ved DPS. Og i Vestfold følgjer folk veldig nøye med, for når lokale tilbod blir svekte andre stader, er det mange som spør seg kva som blir det neste. Representantforslaget handlar om lokalsjukehus, om breiddekompetanse, om beredskap, og om noko så enkelt som å veta at hjelpa finst når me treng den. Eg kjem frå vakre Stord. Eg er fødd på Stord sjukehus, eg har fødd to barn på sjukehuset, og eg har familie som har brukt sjukehuset fleire gonger gjennom livet. Difor veit eg kva det vil seia å ha eit lokalsjukehus. Det handlar ikkje om nostalgi. Det handlar om tryggleik. Det handlar om å veta at nokon er der når livet plutseleg tek ei vending du ikkje såg koma. Frå Stord er det om lag ein times køyring til Haugesund. Det høyrest kanskje ikkje så dramatisk ut, men prøv å vera 94 år, prøv å vera alvorleg sjuk, prøv å vera pårørande – og skulle reisa til Haugesund for å ta røntgen, CT, MR eller ultralyd. Då blir faktisk ikkje avstanden målt i kilometer. Då blir avstanden målt i krefter. Den ekstra timen i bilen blir ikkje berre ein ekstra time – det blir ei belastning. Det blir meir uro og meir stress – og ikkje minst meir stress for pårørande. Det er også noko anna som skurrar. Me veit jo at det blir fleire eldre folk. Det har me blitt påminna om i mange år allereie. Me veit at fleire kjem til å trenge behandling, me veit at fleire kjem til å leva lenger med sjukdom, og me veit at presset på helsevesenet kjem til å auka. Det er det ingen som er uenig i. Då er det vel på sin plass å spørja: Kva er planen? Planen kan vel ikkje vera at folk skal reisa lenger når dei blir fleire? Planen kan vel ikkje vera at nærleik blir mindre viktig akkurat når behovet blir større? Framstegspartiet meiner at lokalsjukehusa er ein del av løysinga, ikkje problemet. Me treng sterke fagmiljø, me treng kapasitet, og me treng eit helsevesen som kjem nærare folk, ikkje fjernare frå dei. Når fleire kjem til å trenga hjelp, er det ei merkeleg tid å gjera hjelpa fjernare. Folk treng ikkje fleire forklaringar på kvifor tilbod forsvinn. Dei treng tryggleik for at hjelpa er der når dei treng henne, og det er då regjeringa må levera.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat