Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentant Kjersti Toppe om desentralisering av sjukehustilbodet og sikring av lokalsjukehus med breiddekompetanse i heile landet (Innst. 414 S (2025–2026), jf. Dokument 8:253 S (2025–2026))
Innlegget
Dei fleste av oss tenkjer nok ikkje så veldig mykje på sjukehuset før me faktisk treng det. Me reknar berre med at det er der, at nokon svarar når ein treng hjelp. Difor reagerer folk når lokalsjukehus og DPS blir svekte, ikkje fordi dei er imot endring, men fordi dei veit kva som står på spel. Denne saka handlar om lokalsjukehus, breiddekompetanse og behandling nær folk. Det handlar om noko me ser fleire stader i landet, at viktige tilbod blir svekte bit for bit. På Tynset ser me kanskje det tydelegaste dømet. Folk på Tynset opplever ikkje at dei har mista tilbodet over natta. Dei opplevde at tilbodet først blei redusert. Så blei det svekt. Til slutt blei det brukt som argument for å leggja det ned. DPS-en hadde tidlegare ti døgnplassar. Så blei det fem, så blei det plutseleg to, og no er døgntilbodet vekke. Åtte kommunar har mista sitt lokale døgntilbod, samtidig vedtok eit samrøystes storting i januar at DPS-tilbod ikkje skulle byggjast ned. Difor er det lov å spørja: Kva er verdien av eit samrøystes stortingsvedtak dersom det ikkje gjeld når det verkeleg blir sett på prøve? Nord-Østerdalen er større enn Oslo, Akershus, Vestfold og Østfold til saman. Når lokale tilbod blir fjerna i eit sånt område, aukar ikkje berre avstanden – det aukar belastninga òg. For helseføretaka blir avstanden målt i kilometer. For pasientane blir avstanden målt i smerte, uro og kor mykje krefter dei har att. For mange eldre og alvorleg sjuke kan ein ekstra time eller to vera forskjellen på om dei kjem seg til behandling eller ikkje. Menneske som slit psykisk er sjeldan den pasientgruppa som ropar høgast. Difor bør me lytta ekstra godt når så mange faktisk seier frå. Fastlegar, pasientar, pårørande og kommunar har sagt frå. Over 2 000 menneske har gått i fakkeltog. Likevel står me her. Då er det lov å spørja: Var dette ein reell prosess, eller var konklusjonen klar lenge før folk fekk seia meininga si? Dersom folk sit igjen med den kjensla, handlar ikkje dette lenger berre om DPS Tynset. Då handlar det om folk faktisk har noko dei skulle ha sagt.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat