Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kristian August Eilertsen, Julia Brännström Nordtug, Stig Atle Abrahamsen og Anne Grethe Hauan om å redusere ventetider for utredning, tilpasning og oppfølging av høreapparat (Innst. 413 S (2025–2026), jf. Dokument 8:258 S (2025–2026))
Innlegget
Det er vanskeleg å delta i eit fellesskap når ein ikkje høyrer kva som blir sagt. Det handlar om besteforeldre som ikkje får med seg kva barnebarna fortel. Det handlar om vaksne som slit med å følgja samtalar på jobb. Det handlar om barn og unge som skal læra, delta og vera ein del av fellesskapen. Målet er ikkje at alle skal høyra, men målet må vera at dei som kan få hjelp, får hjelpa dei treng no. Difor er det alvorleg når folk i Noreg må venta opptil to år på utgreiing, tilpassing og oppfølging av høyreapparat. To år er ikkje berre ei ventetid. Det er to år med færre samtalar og meir isolasjon der mange gradvis fell utanfor. Dette gjeld ikkje berre eldre, sjølv om veldig mange eldre blir hardt råka. Me veit at ubehandla høyrselstap kan vera knytt til både depresjon, sosial isolasjon og auka risiko for kognitiv svikt og demens. Difor handlar dette om langt meir enn høyreapparat, det handlar om å kunna vera med. Å høyra er ikkje ein luksus, men ein føresetnad for å delta. Regjeringa har lansert ein høyreapparatgaranti, og det er bra. Problemet er at garantiar ikkje fjernar ventelister. Regjeringa sitt mål er at folk skal få hjelp innan fire månader i 2029. Det er veldig bra ambisjonar, men folk som står i kø i dag, får ikkje hjelp av at målstreken blir flytta til 2029. Det som gjer denne saka ekstra frustrerande, er at mykje av løysinga allereie finst. Det finst om lag 800 utdanna audiografar i Noreg. Likevel arbeider berre rundt halvparten klinisk med utgreiing og tilpassing av høyreapparat. Audiografforbundet peikar på høgt arbeidspress, få stillingar, mangel på kommunale arbeidsplassar, låg lønn og manglande refusjonsrett som viktige årsaker. I dag blir mange pasientar sendt gjennom spesialisthelsetenesta sjølv om dei allereie er medisinsk avklarte og berre treng tilpassing eller justering av høyreapparat. Det binder opp spesialistar som burde bruka tida si på dei som faktisk treng spesialistbehandling. Fremskrittspartiet vil gje audiografar refusjonsrett, få fleire audiografar ut i kommunane og sørgja for at pasientar kjem raskare fram til den hjelpa dei treng. Folk treng ikkje fleire lovnader om kva som skal skje i 2029. Dei treng hjelp før det. Difor føreslår Fremskrittspartiet å bruka kompetansen som allereie finst, kutta unødvendige omvegar i systemet og få pasientane raskare fram til hjelpa dei treng. Eg tek opp forslaga til FrP.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat