Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 9. jun 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kristian August Eilertsen, Julia Brännström Nordtug, Stig Atle Abrahamsen og Anne Grethe Hauan om å redusere ventetider for utredning, tilpasning og oppfølging av høreapparat (Innst. 413 S (2025–2026), jf. Dokument 8:258 S (2025–2026))

Innlegget

Takk for svaret. Det er faktisk heilt på sin plass å seia at me er veldig glade for at statsråden tek høyrselsproblematikken alvorleg. Det er ikkje difor me har dette representantforslaget. Dette er ei problemstilling som har vore i veldig mange år. Ein vil aldri klara å få det likt over heile landet – ventetider vil det jo vera ganske lenge uansett. Audiografforbundet peikar på at dei manglar refusjonsrett, og at det er for få kommunale stillingar og høgt arbeidspress. Som eg sa i innlegget mitt, har me ganske mange audiografar, men dei jobbar ikkje med det. Er statsråden einig i at utfordringa ikkje er å utdanna fleire audiografar, men òg å få fleire av dei me allereie har, tilbake i klinisk arbeid?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat