Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Nikolai Astrup, Aleksander Stokkebø og Kari Sofie Bjørnsen om kvalitetssikring av støtte til flytende havvind (Innst. 401 S (2025–2026), jf. Dokument 8:213 S (2025–2026))
Innlegget
Dette er først og fremst ei sak som handlar om politisk ansvar, eller mangel på det. Eit fleirtal i denne salen har gjeve grønt lys til å dele ut 35 mrd. kr i stønad til flytande havvind – ikkje etter ei fullverdig kvalitetssikring, ikkje etter ein komplett samfunnsøkonomisk analyse, men gjennom ein budsjettprosess med mangelfullt grunnlag. Det held ikkje. Vi snakkar om ein teknologi som framleis er umoden, vi snakkar om kostnader som har økt kraftig dei siste åra, og vi snakkar om prosjekt som ikkje er lønsame utan massiv statleg stønad. Likevel har budsjettkameratane valt å løyve enorme beløp, utan å stille dei spørsmåla som normalt er heilt grunnleggjande når staten bruker pengar i denne storleiken. Kva får vi igjen? Kor stor er risikoen? Og finst det betre måtar å nå dei same måla på? Dette er ikkje god økonomistyring. Det er lettsindig politikk. For Kristeleg Folkeparti er dette særleg viktig. Vi har eit tydeleg landsmøtevedtak om at dei store subsidiane til flytande havvind skal reduserast eller kuttast. Det betyr ikkje at vi seier nei til havvind – tvert imot. Vi ønskjer teknologiutvikling og nye næringar, men vi nektar å være med på ein politikk der staten opnar sjekkheftet før ein har gjort heimeleksa. Difor er forslaget om ekstern kvalitetssikring så viktig. For dette handlar ikkje om å stoppe prosjekta. Det handlar om å sikre at avgjerder vi tek, er kunnskapsbaserte, ansvarlege og berekraftige over tid. Dei som i dag åtvarar mot forseinkingar, bør heller stille følgjande spørsmål: Kva er mest risikabelt, å bruke litt meir tid på å gjere ting riktig, eller å forplikte fellesskapet til milliardar på sviktande grunnlag? Det er ikkje næringslivet som har svikta her. Det er ikkje teknologien som er problemet. Problemet er at Stortinget, med opne auge, har gått føre analysane, før avgjerdsgrunnlaget er på plass. Det er der vi er nå, og vi har ei moglegheit til å rette opp dette. Difor er bodskapen til KrF tydeleg: Vi stør utviklinga av havvind, men vi stør ikkje uansvarleg pengebruk. Vi vil ha fakta på bordet før milliardane vert delte ut. Difor stør vi forslaget om ekstern kvalitetssikring.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat