Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentant Kjersti Toppe om desentralisering av sjukehustilbodet og sikring av lokalsjukehus med breiddekompetanse i heile landet (Innst. 414 S (2025–2026), jf. Dokument 8:253 S (2025–2026))
Innlegget
Etter Framstegspartiets syn er det ei sjølvfølge at alle skal ha tilgang på eit trygt og godt helsevesen, uavhengig av kor dei bor. Dessverre ser vi til stadigheit at det kjem forslag om kutt i helsetilbodet rundt om i landet, og dette gjer oss svært bekymra. Eit skrekkeksempel er situasjonen som er i Helse Møre og Romsdal. Leiinga varslar omfattande kutt i sjukehus, psykisk helsevern og ambulanse. Dette er ikkje små tilpassingar; dette er store strukturelle endringar, og det er forslag som bidrar til ei massiv nedbygging av helsetilbodet i fylket. For innbyggjarane handlar det først og fremst om kor langt det er til nærmaste fødeavdeling. Det handlar om kor raskt ambulansen kjem, og det handlar om tryggleiken for barn og eldre og alvorleg sjuke, når kvar time og i mange tilfelle kvart minutt kan vere avgjerande. Arbeidarpartiet har styrt landet i fem år, og dei er veldig glad i å snakke om trygg og ansvarleg styring. Altså: Å sitte stille og sjå på at helsetilbodet i Møre og Romsdal blir bygd ned bit og bit er så langt frå trygg og ansvarleg styring som du kan få det. Å styre handlar om å ta ansvar. Regjeringa kan ikkje stå på sidelinja mens innbyggjarane i Møre og Romsdal risikerer å få eit mykje dårlegare helsevesen enn i resten av landet. Når alle varsellampene blinkar, er det ikkje tidspunktet for å vente og sjå – det er tidspunktet for å handle. Ja, til og med lokale arbeidarpartipolitikarar etterlyser handling frå sin eigen statsråd. Arbeidarpartiet og deira budsjettkameratar, dei som dei har inngått budsjettsamarbeid med, har likevel ikkje prioritert ei einaste krone for å berge helsetilbodet til innbyggjarane i Møre og Romsdal. Vi i Framstegspartiet tek situasjonen alvorleg, og difor har vi sett av 200 mill. kr til ei redningspakke for Helse Møre og Romsdal i vårt alternative reviderte budsjett. Den siste veka har vi sett eit massivt opprop mot dei føreslåtte kutta – frå fagforeiningar, tilsette, innbyggjarar og offentlege aktørar. Bodskapet er så krystallklart som du kan få det: Kutta må stoppast – og det no! Framstegspartiet meiner at nok er nok. Vi kan ikkje akseptere at økonomiske utfordringar skal løysast gjennom sentralisering og svekking av akuttberedskap, ambulanse- og sjukehustilbod. Innbyggjarane i Møre og Romsdal fortener akkurat det same som alle andre i landet – tryggleik for at hjelpa er der når dei treng den. Eg tek med dette opp Framstegspartiets forslag nr. 15, og så ønskjer eg å leggje inn eit tillegg i forslaget der ordet «rehabilitering» blir lagt til.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat