Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ida Lindtveit Røse, Jorunn Gleditsch Lossius og Joel Ystebø om trygghet for mødre i barselomsorgen (Innst. 429 S (2025–2026), jf. Dokument 8:205 S (2025–2026))
Innlegget
Kjersti Toppe (Sp) [16:09:53] (leiar i komiteen): Eg vil hevda at barselomsorga i Noreg har vorte nedprioritert i mange år, og eg synest det er veldig trist. Takk til KrF, som har fremja dette forslaget om tryggleik for mødrer i barselomsorga. Når vi har tatt opp dette frå talarstolen før, har vi vorte avfeia med at det er enkeltepisodar. Men det er mange kvinner som er desse enkeltepisodane. No har vi fått ei brukarundersøking som er gjort av Helsedirektoratet som eg meiner vi må lesa. Eg vil referera litt frå ho. Der står det at mange kvinner oppgav at det framstår som travelt på barsel, og at det var for få tilsette i forhold til barselkvinner, barn og behova deira. Det står at mange kvinner opplevde å få for lite tilsyn og oppfølging, at nokre følte seg oversett eller gløymde, og at det kunne ta lang tid frå kvinner bad helsepersonell om hjelp, til det kom nokon for å hjelpa. Mange kvinner beskreiv helsepersonellet som veldig dyktige og med stor evne til å vise omsorg, men at dei ikkje hadde nok tid til å gjera jobben sin på ein god måte, og at dette kunne gå ut over kvinner si følelse av tryggleik og ivaretaking. I brukarundersøkinga oppgav òg kvinner at mange var opptekne av lengda på opphaldet. Ein del kvinner var fornøgde med opphaldet, nokre ønskte å dra tidlegare heim når alt gjekk bra, og andre ønskte å vera ei ekstra natt og fekk lov til det. Det er likevel mange som har kommentert at dei måtte reisa heim med den nyfødde før dei føte seg klare for dette. Fleire skriv at dette vart grunngitt med kapasiteten ved barselavdelinga og hotellet. Ein del skriv at dei strevde med amminga og ønskte at dette var meir etablert før dei drog heim, mens andre hadde behov for meir restitusjon og følte seg ikkje klare for heimreisa. Dette gjaldt både førstegongs- og fleirgongsfødande. Fleire av kvinnene trakk fram at dei tilsette ikkje hadde nok tid til å vegleia dei tilstrekkeleg og følgja opp amminga undervegs i opphaldet. Nokre skriv at helsepersonell kom innom for å observera eller spørja korleis det gjekk med amminga, men at dei ikkje var lenge nok på rommet til å kunna gjera ei god vurdering av om sugetaket til barnet var riktig, og om amminga faktisk fungerte. I kommentarane i brukarundersøkingar som omhandla arming og ernæring, var det òg mange kvinner som trakk fram at dei veldig ofte fekk ulike og motstridande råd frå helsepersonell, og då vart ein usikker. Dette er ei anerkjenning av at barselomsorga i Noreg er for dårleg. Det skortar på sjukehuset, og det er nitrist å oppleva at barselkvinner og den nye familien i realiteten vert overlatne til seg sjølv. Eg vil koma tilbake til ulike forslag i det neste innlegget mitt. Med det tar eg opp forslaget frå Senterpartiet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat