Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ida Lindtveit Røse, Jorunn Gleditsch Lossius og Joel Ystebø om trygghet for mødre i barselomsorgen (Innst. 429 S (2025–2026), jf. Dokument 8:205 S (2025–2026))
Innlegget
Arbeidarpartiet og regjeringa støttar ikkje forslaget i innstillinga om å greia ut innføring av forløpsfinansiering av svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga. Arbeidarpartiet skriv i merknader at dei meiner at det på noverande tidspunkt er for tidleg å konkludera om større endringar i finansieringssystemet. Dei viser òg til arbeidet som skjer i helsereformutvalet. Men dette er jo faktisk veldig spesielt, for etter at regjeringa sette ned helsereformutvalet i fjor, kom jo regjeringa med ti-punktsplanen sin for fødselsomsorga, som er omtalt her i debatten òg. Punkt ein i denne ti-punktsplanen er at regjeringa vil vurdera forløpsfinansiering i svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga. Da er det rimeleg spesielt både å stemma ned forslaget og å argumentera imot det. Fleirtalet i innstillinga støttar heller ikkje forslaget om å sikra at alle kvinner under aktiv fase av fødselen får éin-til-éin-oppfølging av jordmor som ein rett, og det meiner Senterpartiet er beklageleg, for dette er eit veldig viktig dimensjonerande forslag som kunne ha retta opp i veldig masse av den travelheita og bemanningsknappleiken som mange opplever i dag. 90 pst. av jordmødrene seier sjølve at dei opplever altfor høgt arbeidspress, det er i Jordmorforbundet si brukarundersøking, og like mange oppgir at dei har ansvar for fleire kvinner samtidig, også når dei følgjer opp kvinner i aktiv fødsel. Det er i dag ei sterk fagleg anbefaling. Vi veit at ho ikkje vert følgd opp godt nok, men for Senterpartiet har dette vore ei kampsak i veldig mange år. Dei argumenta som vert brukte mot dette forslaget, også i denne salen, er at det er tenester som er prega av uføreseielegheit og samtidigheitskonfliktar. Vel, dette er systemskapt uføreseielegheit og systemskapte samtidigheitskonfliktar på grunn av låg bemanning. Det er jo ikkje slik at vi aksepterer at det ikkje er legar til stades når ein vert lagd inn med akutt hjarteinfarkt i eit akuttmottak. Da er det sjølvsagt bemanning til stede, og vi dimensjonerer bemanninga etter det. Vi sommarstengjer heller ikkje akuttmottaka fordi også dei som jobbar der, må ha ferie. Denne debatten viser jo at vi tar fødsels- og barselomsorga på mindre alvor enn andre akuttilbod i den norske helsetenesta. Det er det som gjer meg så opprørt. Eg har vore i debattar om det same i så mange år i Stortinget. Statsråden meinte at eg var negativ, og at han var positiv. Ja, eg er litt negativ i denne saka, fordi eg ser ikkje at det vert forbetringar. Det opprører meg veldig masse fordi dei som føder og er i barsel, fortener så veldig mykje meir.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat