Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ida Lindtveit Røse, Jorunn Gleditsch Lossius og Joel Ystebø om trygghet for mødre i barselomsorgen (Innst. 429 S (2025–2026), jf. Dokument 8:205 S (2025–2026))
Innlegget
Til representanten Dalin: Mi klare erfaring er at det er på dei store kvinneklinikkane ein har problem med å gi éin-til-éin-omsorg, det er ikkje på dei små fødeavdelingane. Når det gjeld å greia ut dette, er det allereie ei sterk fagleg anbefaling. Det står òg at ein skal dimensjonera bemanninga etter det for å oppnå det, så vi treng ikkje å greia det ut. Når vi føreslår ei rettsfesting, er det fordi vi har stått på denne talarstolen i så mange år og spurt og sagt at dette må ein faktisk no få til. Det er veldig mange andre ting ein gir som ein rett i norsk helsevesen, men altså ikkje dette. Vi vil gi kvinner tryggleik. Utan samanlikning elles: Vi har rettsfesta at ein skal kunne ha med seg ein støtteperson, men det er altså veldig gale å rettsfesta at ein skal ha jordmor hos seg når ein føder.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat