Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erlend Svardal Bøe og Margret Hagerup om bedre tilgang til vaksiner og enklere gjennomføring av vaksinering (Innst. 422 S (2025–2026), jf. Dokument 8:225 S (2025–2026))
Innlegget
Vaksinar er eitt av våre mest kostnadseffektive og verknadsfulle førebyggjande helsetiltak. Senterpartiet meiner at vi må leggja til rette for raskare tilgang til vaksinar, særleg for risikogrupper, og at prosessen for vurdering og inklusjon av nye vaksinar i vaksinasjonsprogram, vert utgreidd og effektivisert. Eg vil takka forslagsstillarane, for eg meiner dette er eit forslag som er heilt på sin plass. Sjølv om vi ikkje støttar dei konkrete forslaga, står vi bak fellesforslaget, som òg er tilrådinga frå komiteen. Forslaget om at alle vaksinar som vert anbefalte av Direktoratet for medisinske produkt og Folkehelseinstituttet, automatisk skal innlemmast i nasjonale vaksinasjonsprogram, er eit forslag som i utgangspunktet kan verka veldig bra. Det er jo viktig at vaksinar som er tilrådde av desse to, vert behandla raskt, men noko anna er kven som skal ha endeleg myndigheit til å avgjera innhaldet i eit nasjonalt vaksinasjonsprogram. I dag er dette Stortinget. Eit sånt forslag vil redusera den politiske styringa over avgjerder som har relativt store budsjettmessige og prioriteringsmessige konsekvensar, så det forslaget er vi ueinig i. Men sjølv om vi ikkje støttar forslaget, støttar vi sjølvsagt at vi treng forenkling og forbetring i prosessane rundt vurdering og innlemming av vaksinar. For det er ikkje enkelt å forstå at legemiddel og vaksinar i dag vert behandla på veldig ulike måtar når det gjeld finansiering. På legemiddelområdet har direktoratet fullmakt til å innvilga førehandsgodkjend refusjon innanfor ei fastsett kostnadsgrense, mens vaksine vert tilbode i vaksinasjonsprogram over statsbudsjettet. Dette har allereie vorte tatt opp i prioriteringsmeldinga. Eg merkar meg at statsråden skriv i svarbrev til komiteen i denne saka at departementet arbeider med oppfølging av det, og at ein vil koma tilbake til Stortinget på eigna måte når det gjeld desse utgreiingane. Vi står altså bak fleirtalsforslag som gjeld alle dei ulike områda som forslagsstillarane tar opp, og det vi har snakka om no, men òg automatisk påminningsordning og korleis ein kan auka tilgjengelegheita av vaksinar.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat