Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 9. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erlend Svardal Bøe og Margret Hagerup om bedre tilgang til vaksiner og enklere gjennomføring av vaksinering (Innst. 422 S (2025–2026), jf. Dokument 8:225 S (2025–2026))
Innlegget
Mitt innlegg er retta mot representanten Hoksrud, som har klart å provosera ein del representantar opp på talarstolen igjen. Det er ikkje slik at alt av ulike forslag som direktorat på dei ulike saksområda i politikken anbefaler og tilrår, automatisk vert innlemma i statsbudsjettet som ei prioritering. Eg ueinig med FrP om dette forslaget, men når eg er einig med FrP, gir eg uttrykk for det òg. Her har statsråden og regjeringa eit veldig viktig poeng. Det må vere Stortinget som skal stå til ansvar for prioriteringar i statsbudsjettet, for dette er snakk om ganske mykje pengar. Eg er einig i at det er lurt og ønskjeleg å prioritera vaksine, men vi må jo sjå dette i ein samanheng. Forslaga i representantforslaget slår jo kvarandre litt i hel òg. I punkt 1 ber ein regjeringa sikra at vaksinar som vert anbefalte, automatisk vert innlemma, og i punkt 2 ber ein regjeringa vurdera ei fullmaktsgrense. Eg har meir sansen for forslaget om fullmaktsgrense, men det vert jo òg no utgreidd av departementet. Det må vera ei politisk prioritering når det er snakk om så mykje pengar på statsbudsjettet. No vil eg kommentera heile debatten: Eg synest det er flott at det òg i Stortinget er ei så stor tilslutning til ønsket om fleire vaksinar. Vi har inga vaksinemotstand i Noreg no, i alle fall ikkje som er synleg. Vi vil berre ha fleire vaksinar. Det er uttrykk for ei utruleg stor tillit til myndigheitene – ein ser verdien av det. Eg er veldig takknemleg for dei vaksinane vi har. Eg hadde meslingar då eg var liten, og eg kan hugse kor sjuk eg var – det var ganske alvorleg. Ingen av mine barn har hatt meslingar, og det er fordi dei har fått vaksine. Det er eg veldig takknemleg for. Så ja, vi ønskjer å bruka pengar på vaksine, men dette må prioriterast av Stortinget, for det er snakk om store kostnader. Eg er meir positiv til ei fullmaktsgrense, viss vi kan få til ei ordning for det. Det må sjølvsagt heller ikkje ta for lang tid – ein må gå igjennom og sjå at prosessane fram mot avgjerd blir så raske som mogleg. I neste sak vil eg koma tilbake til RS-vaksine, men då handlar det om ei politisk prioritering av eit ferdig utgreidd forslag – eit heilt anna forslag enn det vi diskuterer i denne saka.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat